Emne:Hordaland fylke
Frå Safon.org
|
Israel Gottlieb Wernicke (1755-1836) var ein musikar, komponist og musikklærar frå Bergen som blant anna skreiv oratoria Ramdeo Rhator (eit indisk susjett) og Furius Camillus. Israel Gottlieb Wernicke vart fødd den 2. februar 1755 i Bergen som son av den tyskfødde Johan Gottlieb Wernicke (d. 1775), organist ved Domkirkja i Bergen, og kona Justina, f. Rhode, ho òg av tysk slekt frå Rostock. Han vart dimittert frå Bergens Kathedralskole i 1771. Etter dette reiste han til København og vart ein svært flink student, men musikken vart tidleg det viktigaste for han. Les meir …
Ole Bornemann Bull (5. februar 1810—17. august 1880) var ein verdskjent fiolinist og komponist i romantikken. Gjenom ei utilslørt interesse for norsk folkemusikk spela han ei sentral rolle da eit eige norsk kulturbilde skulle byggjast opp i tida etter unionsoppløysinga frå Danmark. Ole Bull var fødd på Svaneapoteket i Bergen, der faren hans var apotekar. Familien hadde òg ein eigedom på Valestrandsfossen på Osterøy. Her var Ole Bull fast kvar sommar frå han var liten gut, og det var her han vart interessert i norsk folkemusikk. Allereie som tiåring var Bull ein framståande fiolinist. I tjueårsalderen vart han rekna som ein av dei store europeiske virtuosane, og da han var i 30-åra gjorde han det stort som artist i Nord-Amerika, der han bruka å halde til om vintrane. Les meir …
SS «Statsraad Lehmkuhl» er Bergen sitt skuleskip. Seglskipet vart bygd av Joh.C. Tecklenborg i Geestemünde i Bremerhaven i 1914 under namnet «Grossherzog Friedrich August» som skuleskip for den tyske handelsflåten. Etter første verdskrigen vart skipet teke av Storbritannia som krigserstatning. Skipet vart i 1921 kjøpt av Norges Rederforbund på initiativ av tidlegare statsråd Kristofer Lehmkuhl. Skipet vart da oppkalla etter Lehmkuhl. Les meir …
Karl Herschel (1821/22–1891), òg kjend som Kiewe Herschel, var ein bukovinskfødd norsk jøde som blant anna er kjent for å ha skrive boka Nyt Lys. De fem Mosebøger og for ordskiftet sitt med Bjørnstjerne Bjørnson. Karl Herschel vart fødd i 1821 eller 1822 i Czernowitz (no Cernăuţi i Romania) i Bukowina i det daverande Austerrike-Ungarn. Kring 1852 gifta han seg med Anna Kaufmann frå Brody i Galicja, og dei flytta snart etter til Göteborg. Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om musikk- og/eller kulturhistorie, skandinavisk kystkultur, religion/livssyn (inkludert bahá’ítru, buddhisme, islam, jødedom, sikhisme o.a.) eller urfolk og minoritetar (inkl. samar og reisande), og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
