Emne:Halsa
Frå Safon.org
|
AURE • AVERØY • EIDE • GJEMNES • HALSA • KRISTIANSUND • RINDAL • SUNNDAL • SURNADAL • TINGVOLL |
|
Halsa kommune ligg på Nordmør i Møre og Romsdal fylke. Kommunen inkluderer dei tidlegare herada Halsa og Valsøyfjord, og i tillegg Rodal og Engdal krins, som tidlegare hørte til Aure herad. Kommunesenteret ligg på Liabø, mellom Vågland og Betna. Nabokommunar er Aure i nord, Hemne i Sør-Trøndelag i aust, Rindal og Surnadal i sør og Tingvoll i vest. | |
|
Ingvar Hestnes (1904– ?) var ein spelemann frå Valsøyfjorden i Halsa kommune på Nordmør. Ingvar Hestnes vart fødd i 1904 av foreldra Nils Hestnes (bonde og stortingsmann) og Anne Skogset. Han vart interessert i felespel som 8-åring, men den første tida spela han berre på ei fjølfele som ein eldre bror hadde laga åt honom, og seinare i barndommen vart det mest spel på tyskfele (flatfele, vanleg fele). Da han var 19 år gammal, kjøpte faren ei hardingfele åt honom gjennom kristiansundsspelemannen Nils Bakke, og det var hardingfela som kom til å stå hjarta hans nærmast. Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
|
