Emne:Høgtyske jødar - Safon.org

Emne:Høgtyske jødar

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

JØDEDOM • KASJRUT • SYNAGOGAR • HØGTIDER & MERKEDAGAR • ORTODOKS • MASORTI • REKONSTRUKSJONISTISK • PROGRESSIV
PORTUGISARJØDAR • HØGTYSKE JØDAR • OSMANSKE SEFARDIM • HAMBORG & SLESVIG-HOLSTEN • DANMARK • NOREG • SVERIGE • FINLAND

Asjkenazím eller asjkenaziske jødar, òg kalla (høg)tyske jødar, er ei jødisk folkegruppe med kulturell bakgrunn i det jiddischspråklege samfunnet Asjkenáz, eller det sørlege Tyskland og nordaustlege Frankrike i mellomalderen. Nøyaktig kor lenge det har vore jødar nord for Alpane er uvisst, men ein kan rekne det som relativt sikkert at det fanst jødiske handelsmenn i det romersk-okkuperte Nord-Europa allereie for knapt 2 000 år sidan. Frå mellomalderen av vart namnet Asjkenáz bruka om Tyskland og det hovudsakleg tysk/jiddisch- og tildels fransk-språklege jødiske samfunnet. Namnet, som er henta frå ein av dei mytiske nasjonane i 1. mosebok, er truleg påverka av det arabiske namnet for Skandinavia, «Al-Skandz» eller «As-Skandz». Hovudspråket i tradisjonell asjkenazisk kultur er jiddisch — eit germansk språk som har felles opphav med tysk (særleg rhin-dialektar og bayersk).

Artiklar

Abraham Geiger (18101874) var ein tysk-asjkenazisk rabbinar og religionshistorikar med jødedom og islām som hovudfelt som var ein av leiarane i etableringa av den tyske reformjødedommen. Han arbeidde for å fjerne alle nasjonalistiske elementa — og da særleg trua på at jødane er det utvalte folket. Han la elles vekt på at jødedommen er ei religion i utvikling og endring.   Les meir …
Charles-Valentin Alkan (18131888) var ein fransk-asjkenazisk komponist og ein av dei største pianovirtuosane i si levetid. Komposisjonane hans for piano solo er mellom dei vanskelegaste som nokon gong er skrivne og blir relativt sjeldan oppført.   Les meir …
Klezmermusikk (med stemt s i klezmer) er den tradisjonelle austaskenasiske instrumentelle folkemusikken. Det finst mange ulike stilar av klezmermusikk, men i hovudtrekk kan ein seie at klezmermusikken har ein kompleks tonalitet som er kjenneteikna av mykje bruk av molltoneartar, kromatikk, forstørra sekundar, sterkt ekspressiv intonasjon. Rytmisk sett er klezmermusikken enklare: Mesta all klezmermusikk kan grupperast i to- og tredelt takt. Innanfor todelt takt er det mykje bruk av synkopar.   Les meir …
Franz Kafka (3. juli 18833. juni 1924) var ein tyskspråkleg asjkenazisk forfattar. Det mest kjendte verket hans er romanen Der Prozeß (‘Prosessen’). Romanen skildrar ein person som er utsett for uklåre skuldingar av eit ugjennomtrengeleg rettssystem. Av dette kjem nemninga Kafka-prosess.   Les meir …
Chaim Potok (17. februar 192923. juli 2002) var ein amerikansk romanforfattar og rabbinar. Romanane hans tek utgangspunkt i det asjkenazisk-ortodokse miljøet i byen New York og handlinga dreier seg ofte kring spenningsfeltet mellom ulike tradisjonar såvel som spenningsfeltet mellom tradisjonelle verdiar og det moderne amerikanske samfunnet. Chaim Potok er særleg kjend for romanane The Chosen (1967) og My Name is Asher Lev (1972).   Les meir …
Michael Melchior (f. 31. januar 1954) er ein dansk-jødisk rabbinar og israelsk politikar og representant for det venstreorienterte religiøse partiet Meimad i Knesset (det israelske parlamentet). Michael Melchior vart fødd inn i ein rabbinarfamilie i København og fekk sin semikhá (ordinasjon) som rabbinar frå Yeshivat Hakotel i Jerusalem. Han tente i mange år som rabbinar ved Det Mosaiske Trossamfund i Oslo, der han inntil nyleg framleis var overrabbinar.   Les meir …
Marcus Melchior (18971969) var ein dansk rabbinar som blant anna er kjent som fungerande overrabbinar i Danmark under berginga av dei danske jødane i 1943. Marcus Melchior kom frå ein framtredande jødisk familie i Danmark. Etter nokre få år som rabbinar i i Tyskland, vart han rabbinar for Det mosaiske Troessamfund i København i 1934.   Les meir …
Mordecai Kaplan (18811983), var ein asjkenazisk rabbinar og filosof og grunnleggaren av den rekonstruksjonistiske jødedommen. Mordechai Menahem Kaplan vart fødd den 11. juni 1881 i Litauen og ordinert som rabbinar ved Jewish Theological Seminary of America (JTS) i 1902. JTS var allereie da tilknytt konservativ jødedom, men det var enklare da enn no for rabbinarar å flytte mellom dei ulike retningane av jødedommen. Såleis byrja Kaplan karrieren sin som ortodoks rabbinar i synagogen Kehillath Jeshrun i byen New York.   Les meir …

Populære sider

Mest lese

ਸੇਵਾ · DUGNAD · צדקה

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjelpe...



Personlege verktøy