Emne:Fosen
Frå Safon.org
|
SUNNMØR • ROMSDAL • NORDMØR • FOSEN • UTTRØNDELAG • INNTRØNDELAG • NAMDALEN |
|
Fosen er eit landskap og tidlegare futedømme i Midt-Noreg. Landskapet omfattar dei ytste kommunane på begge sidene av Trondheimsfjorden i Sør-Trøndelag fylke. Landskapet utgjorde i høgmellomalderen den nordlege halvparten av Norðmǿrafylki, men vart seinare delt av; først som len under namnet Fosen len, og seinare som futedømme under namnet Fosens fogderi. Dei fleste stadene i Fosen snakkar folk fosendialekt, som saman med dialekten i Ytre Namdalen og nordmørsdialekten utgjer dei uttrøndske dialektane. Unntak frå denne hovudregelen er først og fremst Hemne, der ein i det meste av kommunen talar nordmørsdialekt, og Rissa og dei søraustlegaste delane av Snillfjord og Hemne kommunar, der ein talar overgangsmål til inntrøndske dialektar. | |
|
Rissa (uttale: ["ɾes:ɑ]) er ein kommune i Fosen i Sør-Trøndelag. Kommunen ligg på ei halvøy avgrensa i nordvest av Stjørnfjorden og i sør og søraust av Trondheimsfjorden. Frå nordvest til søraust grenser han til Bjugn og Åfjord i Sør-Trøndelag, og Verran og Leksvik i Nord-Trøndelag. Les meir …
Austrått er ei borg og ein historisk herregard i Ørland kommune ved utløpet av Trondheimsfjorden i Fosen i Sør-Trøndelag fylke. Austrått har vore kjent som sete for fleire sentrale personar i norsk historie sidan 1000-talet. Borganlegget slik det står i dag blir tilskrive rikskansler Ove Bjelke, som skal ha sluttført anlegget kring 1656. Borga brann ned i 1916. Atteroppbygginga begynte i 1920-åra og var ferdig i 1961. Borga var tidlegare ein del av ein større jordeigedom, men jorda er no fråskilt. Staten eig sjølve borga med Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim som forvaltingsorgan. Borga er open for omvisningar frå juni til august. Les meir … Snillfjord (uttale ["sniʎ.ˌfjɷ:ɽ] el. ["sniʎ.ˌfjɷ:ɾ]), oftast kalla Snillfjorden (uttale ["sniʎ.ˌfjɷ:’ṇ] (N/A), ["sniʎ.ˌfjɷ:ɽa] (D)) er ein kommune i det tidlegare Fosen futedømme i Sør-Trøndelag fylke. Kommunen grensar til Agdenes i nordaust, til Orkdal i søraust og til Hemne i vest; og på nordsida av Trondheimsleia grensar Snillfjord til Hitra. Snillfjord var opprinneleg del av Hemne kommune, men vart utskilt som eigen kommune tidleg på 1900-talet. Seinare vart den austlege delen av Heim kommune lagt til Snillfjord. Les meir … Hitra er ein øykommune ytst i Trondheimsfjorden i Sør-Trøndelag fylke. Hitra grensar til øya Frøya (eigen kommune sidan 1877) i nord. Mot aust ligg øyar som hører til Ørland og Agdenes kommunar. Mot vest ligg øya Smøla, som hører til landskapet Nordmør i Møre og Romsdal. På fastlandet mot sør ligg kommunane Snillfjord og Hemne i Sør-Trøndelag og Aure i Møre og Romsdal. Sjølve øya er den sjuande største i Fastlandsnoreg og den største sørom Nordland fylke. Les meir …
Hemne prestegjeld, fram til 1918 skrive Hevne prestegjeld, er eit prestegjeld i Orkdal prosti i Nidaros bispedømme i Den norske kirkja. Hemne prestegjeld dekkjer kommunane Hemne og Snillfjord og har fire sokn: Hemne, Vinje, Heim (frå 1884) og Snillfjord (frå 1899). Les meir … Hemnværing (lokal uttale ["hæm:ˌvær.eŋ] el. ["hæmnˌvær.eŋ]), òg kalla hemnemål og hemnedialekt, er den tradisjonelle dialekten i Hemne og deler av Snillfjord kommunar i Fosen i Sør-Trøndelag. Hemnværing blir klassifisert som ein underdialekt av nordmøring, som i sin tur er ei undergruppe av dei uttrøndske dialektane av trøndermål. Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
|
