Emne:Buddhisme - Safon.org

Emne:Buddhisme

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Buddhismen er ein religion eller filosofi basert på læra til Siddhārtha Gautama (sanskrit; på pāḷi: Siddhāttha Gōtama; oftast kalla Buddha), som levde kring år 500 fvt. og verka i Nord-India. Religionen spreidde seg til resten av Sør-, Sentral-, Søraust og Aust-Asia, der han tok opp i seg innfødde tradisjonar. I moderne tid har også mange menneske frå vestlege land vorte interesserte i buddhismen. Med sine kring 379 millionar tilhengarar er buddhismen den fjerde største religionen i verda og blir rekna som ein av dei store verdsreligionane. Læra tek utgangspunkt i livet vi lever på jorda (saṁsāra) som ein pinefull sirkel det er om å gjera å lausrive seg frå (nirvāṇa). Dette kan ein oppnå ved å gjera gode gjerningar og ved å oppnå klår tenking. Om ein klarar å opne augo for korleis livet på jorda er eit band som gjev mest smerte, vil ein kunne lausrive seg og oppnå ro, oppvakning og samtidig utsløkking. Den buddhistiske læra legg vekt på dei grunnleggande reglane om å vise måtehald og unngå å skapa smerte.
Artiklar

Karma (sanskrit: कर्म, av rota kri, ‘å gjera’, ‘gjerning’) er eit omgrep i fleire austlege religionar. Karma er summen av alt eit individ har gjort eller gjer. Karma verkar inn på framtidige hendingar og gjev individet ansvar for eige liv. I religionar med reinkarnasjon omfattar karma tidlegare og framtidige liv òg.   Les meir …
I buddhismen er parinirvāṇa (sanskrit: परिनिर्वाण) eller parinibbāṇa (pāḷi परिनिब्बाण), kjent som 般涅槃, bō niè pán, på kinesisk, den endelege nirvāṇaen. Vanlegvis blir parinirvāṇa berre rekna som muleg når kroppen til ein person som har oppnådd fullstendig bōdhi (opplysing) dør. Parinirvāṇa, som er det høgste målet i buddhistisk praksis, inneber at personen blir løyst frå bhavatjakra, saṁsāra, karma og atterføding; og dessutan blir alle verdslege fysiske og mentale element, eller skandhaer, oppløyste.   Les meir …
Buddhismen er ein religion eller filosofi basert på læra til Siddhārtha Gautama (sanskrit; på pāḷi: Siddhāttha Gōtama; oftast kalla Buddha), som levde kring år 500 fvt. og verka i Nord-India. Religionen spreidde seg til resten av Sør-, Sentral-, Søraust og Aust-Asia, der han tok opp i seg innfødde tradisjonar. I moderne tid har også mange menneske frå vestlege land vorte interesserte i buddhismen. Med sine kring 379 millionar tilhengarar er buddhismen den fjerde største religionen i verda og blir rekna som ein av dei store verdsreligionane. Læra tek utgangspunkt i livet vi lever på jorda (saṁsāra) som ein pinefull sirkel det er om å gjera å lausrive seg frå (nirvāṇa). Dette kan ein oppnå ved å gjera gode gjerningar og ved å oppnå klår tenking. Om ein klarar å opne augo for korleis livet på jorda er eit band som gjev mest smerte, vil ein kunne lausrive seg og oppnå ro, oppvakning og samtidig utsløkking. Den buddhistiske læra legg vekt på dei grunnleggande reglane om å vise måtehald og unngå å skapa smerte.   Les meir …

Populære sider

Mest lese

ਸੇਵਾ · DUGNAD · צדקה

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjelpe...



Personlege verktøy