Emne:Bangladesh
Frå Safon.org
BANGLADESH • BHUTAN • INDIA • MALDIVANE • NEPAL • PAKISTAN • SRI LANKA
|
Ein sarōd (hindī सरोद, bānglā সরোদ) er eit indisk klimpreinstrument som truleg er utvikla frå senya-rebaben, eit indisk/persisk instrument som vart spela i India fram til 1800-talet. Sarōden er eit lutt-liknande instrument med kropp av eitt emne av indisk mahogny eller teak med gripebrett av stål utan tverrband. Kroppen av instrumentet er trekt med geiteskinn, og stolen står i press mellom strengene og geiteskinnslokket. Sarōden har fire spelestrenger, seks rytme- og grunntonestrenger og 15 resonansstrenger. Ein klimprar på strengene med ein «djaba» — eit plekter laga av kokosnøtt. Les meir …
Muhammad Yunus (Bengali: মুহাম্মদ ইউনুস' [Muhammod Iunus]) (fødd 1940 i Chittagong) er ein muslimsk økonom frå Bangladesh. Han har utvikla omgrepet mikrokreditt — å gje små lån for å starte opp næringsverksamheit til folk som er for fattige til å få vanlege banklån. Yunus er grunnleggjaren av Grameen Bank. Banken og Yunnus delte Nobels fredspris i 2006, «for arbeidet deira for å skapa økonomisk og sosial utvikling nedanfrå». Han er den tredje bengalaren som har fått ein nobelpris, etter diktaren Rabindranath Tagore og økonomen Amartya Sen. Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om musikk- og/eller kulturhistorie, skandinavisk kystkultur, religion/livssyn (inkludert bahá’ítru, buddhisme, islam, jødedom, sikhisme o.a.) eller urfolk og minoritetar (inkl. samar og reisande), og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
