Emne:Bahá’í
Frå Safon.org
|
BAHA’I • ISLAM • JØDEDOM • ROMANIFOLK • SAMAR • SIKHISME • KYSTKULTUR • LANDBRUK |
|
Bahá’í-trua er den yngste av dei monoteistiske verdsreligionane. Ho har totalt over seks millionar tilhengarar på alle kontinenta. Religionen er den nest mest geografisk spreidde etter kristendommen. Grunnleggaren Bahá’u’lláh (arabisk بهاءالله ‘Guds Herlegheit’, 1817–1892) understrekar «einskapen åt menneskja, slår fast at dei store religionane er som kapittel i éi bok og formulerer visjonen av ein ny verdsorden grunna på andelege prinsipp». I Iran i år 1844 forkynte Báb (arab. باب ‘Porten’, 1819–1850) at han var forløparen til lova i alle religionar. Báb sine følgjesveinar vart kalla bábíar. Bahá’u’lláh vart raskt ein av Báb sine leiande forkynnarar, og i 1863 i Bagdad grunnla han bahá'í-religionen. | |
|
Bahá’íar må, i følgje Bahá’u’lláh, seie minst éin av tre openberra obligatoriske bøner (salāt på arabisk). I boka Kitáb-i-Aqdas pålegg Bahá’u’lláh bahá’í-lova om ei obligatorisk dagleg bøn som blir lesen av kvar bahá’í åleine. I Kitáb-i-Aqdas skriv han òg at den obligatoriske bøna fanst nedskriven på ein anna tavle. Tavla som inneheldt denne obligatoriske bøna vart ikkje frigjeven til bahá’íane i Bahá’u’lláh sine dagar, og denne bøna vart utbytt med tre obligatoriske bøner av Bahá’u’lláh. Etter at Bahá’u’lláh dødde vart teksten åt den opphavlege bøna stolen av Mírzá Muhammad `Alí. Les meir … Bahá’u’lláh (f. 12. november 1817; d. 29. mai 1892) var grunnleggaren av bahá’í-religionen. Det opphavlege namnet hans var Mirza Husayn-Ali Núri, men han tok det arabiske namnet Bahá’u’lláh som tyder Guds herlegdom. Bahá’u’lláh blir i bahá’í-religionen rekna for å vera Guds bodberar for menneskja i dag. Mirza Husayn-Ali Núri var fødd i Tehrān (Teheran) i Iran. Han var ein tilhengar av Báben, som grunnla religionen babisme. Ei av læresetningane i religionen var at «han som Gud skal vise fram» skal sameine alle menneske og religionar. I 1863 i Bagdad openberra Bahá’u’lláh seg som den utvalde, som babismen, og etter hans syn alle andre tidlegare religionar, hadde lova. Han skreiv brev til kongar og presidentar og formana dei om å legge bort konfliktar og usemje og minske skattebyrda for dei fattige. Han bad dei komma saman til ein stor konferanse for å legge grunnlaget for «den største freden». Les meir … Ali Muhammad Shirazi var den eine av dei to grunnleggarane av Bahá’í-trua. Han er mest kjent under tittelen Báb, som han tok i 1844 da han forkynte misjonen sin. Han meinte at han hadde to rangar, den første som ein manifestasjon av Gud som tala med Gud si røyst, og den andre som eit levande menneske. Han var difor Guds port, som var kommen for å bli den nye vegen som folket kunne nå Gud med. Denne meininga var svært ulik den tradisjonelle tydinga av ordet báb og blir ofte misforstått av mange som trur at han hevda at han var ein ny meklar. Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
