Emne:Aure
Frå Safon.org
|
AURE • AVERØY • EIDE • GJEMNES • HALSA • KRISTIANSUND • RINDAL • SUNNDAL • SURNADAL • TINGVOLL |
|
Aure kirkje er ei korskirkje av tre som vart innvigd i 1727. Kirkja, som ligg på ei lita høgd nede ved Aursundet i Aure sentrum i Aure kommune på Nordmør, er soknekirkje for Aure sokn og hovudkirkje for Aure prestegjeld i Ytre Nordmør prosti av Møre bispedømme. Les meir …
Johannes Berven (1899–1996), mest kjent som Jóanes Trø’n eller Bærven lokalt, var ein småbrukar, telefonist, postopnar, smed og spelemann frå Trøa under Innersetra på Tustna i noverande Aure kommune på Nordmør. Johannes Hilmar Gjermundson Berven vart fødd som den yngste av fem sysken den 18. mars 1899. Mora var Anne Marie Eriksdotter Sæter (1858–1925) frå same stad. Faren var Gjermund Gjermundson Berven (1850–1924). Les meir … Fuglsnes (IPA ['fʌ:ʂˌnes:ɜ], dat. ['fʌ:ʂˌnes:a]), òg skrive Fugelsnes, er ein matrikkelgard på Stabblandet i Aure kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Garden ligg på vestsida av Imarsundet og grensar til Blomtuå i sør og Holå i nord. Les meir …
Innersetra (IPA ["iɲ:əˌse:tɾa] (N/A), ["iɲ:əˌse:tən] (D)), òg skrive Indresæter, eller Øygarden (IPA ["ʌ:ˌgɑ:’n] (N/A), ["ʌ:ˌgɑ:ɾa] (D)) er ein matrikkelgard på Tustna i Aure kommune på Nordmør i Møre og Romsdal. Garden ligg på vestsida av Solåsundet og grensar til Hals i sør og Storsetra i nord. Les meir …
Hals (IPA [hɑ:ʂ]) er ein matrikkelgard på Tustna i Aure kommune på Nordmør i Møre og Romsdal. Garden omfattar Halsnesset og vidare nordetter Solåsundet til omlag midt i gardsbruket Slettet under matrikkelgarden Innersetra. I sørvest grensar garden mot Ersvika. Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
|
