Emne:1800-talet - Safon.org

Emne:1800-talet

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

BAHA’IISLAMJØDEDOMROMANIFOLKSAMARSIKHISMEKYSTKULTURLANDBRUK

1800-talet

Artiklar

Jørgen Moe (18131882) var ein norsk biskop og eventyrsamlar. Han er mest kjent for Asbjørnsen og Moe sine Norske folkeeventyr. Jørgen Engebretsen Moe vart fødd den 22. april 1813 på garden Mo i HoleRingerike. Han er mest kjent som den eine delen av Asbjørnsen og Moe, namneparet som er vorte eit synonym for bokverket Norske folkeeventyr. Det var i ungdommen Moe vart kjent med Peter Christen Asbjørnsen, og dei to reiste kring og skreiv ned folkeeventyr dei vart fortalt.   Les meir …
Peter Christen Asbjørnsen (18121885) var ein norsk forfattar, folkeminnesamlar, forstmann og naturvitar. For ettertida er Asbjørnsen vorten ståande som sjølve eventyrkongen i norsk kultur. Han og ungdomsvenen Jørgen Moe vart kjente som Asbjørnsen og Moe, som er vorte eit synonym for bokverket Norske folkeeventyr. Ettersom han tidleg interesserte seg for andre ting enn skulefaga, vart han teken ut av borgarskulen og sendt på eit privat artiumskurs på Norderhov, der han møtte Jørgen Moe. Dei to vart vener for livet og inngjekk på norrønt vis ein pakt som gjorde dem til «blodsbrør».   Les meir …
(Heinrich Julius Manfred) Alexander Seippel (18511938) var ein norsk filolog, folkeminnesamlar og bibelomsettar. Alexander Seippel er i dag best kjend for å ha stått for omlag halvparten av den første nynorske bibelomsettinga som Studentmållaget i Oslo gav ut i 1921. Som språkforskar gjorde Seippel ein stor innsats ved at han samla omtale av Norden og nordiske tilhøve i arabiske skrifter. Arbeidet, Rerum Normannicarum fontes Arabici, kom ut i to band i 1896 og 1928. Den første utgjevne bibelomsettinga hans var Fyrste Mose-bok eller Upphavs-boki. Umsett fraa grunn-teksti, utgjeven som vedlegg til Syn og Segn i 1905.   Les meir …
Katti Anker Møller (18681945) var ein norsk kvinnesaksforkjempar. Ho var fødd på Hamar, men budde i Fredrikstad det meste av livet sitt. Ho var dotter av Herman Anker. Katti Anker Møller arbeidde særleg for å betre forholda for ugifte mødrer og uekte born. Saman med svogeren Johan Castberg arbeidde ho for å få revidert lovverket på området, noko som resulterte i Dei Castbergske barnelovar av 1915.   Les meir …
Bendix Henriques (17251807) eller Pinches Nasche (Nakskov/Nasschou) fungerte som mohél, og etterkvart som församlingsordförande (forstandar) og sjalíaḥ ṣibbúr (forrettar) i den jødiske meinigheita i Göteborg. Pinches Nasche vart fødd i NakskovLolland i 1725 som son av asjkenaziske Moses Aaron Nathan (16901744) og portugisarjødiske Rachel Bendix (16951746/1776) av Henriques-familien. For å kunne busette seg fritt i København tok han namnet Bendix Henriques etter slektsnamnet til mora, Bendix, og til mormora, Henriques.   Les meir …
Den tidlegare synagogen for det jødiske samfunnet i Massenbachhausen vart teken i bruk i 1826, men vart stengt allereie i 1865 og ombygd i 1872 til eit bustadhus med stall. Bygninga er i dag (juni 2007) i svært dårleg stand, men det er kunngjort oppussingsplaner.   Les meir …

Hopen kirkje i HopenSmøla er soknekirkja i Hopen sokn av Edøy prestegjeld. Den noverande kirkja, ei langkirkje av tre som vart bygd i 1892, har 260 sitteplassar. I 1916 vart det innsett pipeorgel, men sidan 1953 har det vore bruka hammondorgel der.

Fram til midten av 1700-talet sokna folk frå Veiholmen og Nord-Smøla til Veigen kapell på Veiholmen. På grunn av at det gamle fiskarkapellet på Veiholmen stod til nedfalls, fekk commerceråd Hammond løyve den 11. juni 1745 til å byggje nytt kapell på Hopen. Den gamle altartavla, som stammar frå 1500-talet, vart flytta over til det nye kapellet. Det nye kapellet på Hopen, som var ei lita, åttekanta trekirkje med tårn og spir, vart ferdigstilt i 1748.   Les meir …
Christopher Hansteen (fødd 26. september 1784 i Christiania, død 15. april 1873 i Christiania) var ein norsk astronom og matematikar. Han var professor i astronomi og praktisk matematikk (anvendt m.) ved «Det kongelige Frederiks Universitet i Christiania», no Universitetet i Oslo frå 1816 til 1861. Hansteen var ein sentral person i norsk og internasjonal vitskap på 1800-talet.   Les meir …
Der Israelitische Tempel in der Poolstraße i Hamburg-Neustadt var frå 1844 til 1931 synagogen åt den reformjødiske Neue Israelitische Tempel-Verein. Synagogen vart bygd i tida 18421844 etter teikningane til arkitekten Johann Hinrich Klees-Wülbern, som tidlegare hadde teikna Israelitisches Krankenhaus. Av den ein gong treskips synagogen finst i dag berre restane av den vestlege forhallen og den austlege apsisen att som separate krigsruinar — hovudskipet vart øydelagt i 1944. Fasaden på inngangsfløya i vest var flankert av to slanke, åttekanta tårn inspirert av minaretar og tok òg opp i seg andre element frå maurisk stil.[1] så vel som frå klassisistisk-nygotisk byggjestil.   Les meir …
Erik Almhjell (1881-1963) var ein notekyndig spelemann frå SunndalenNordmør. Opptaka av Erik Almhjell åleine og i fleirstemt samspel med sambygdingen Tore Hoås, såvel som notenedskriftene Erik gjorde, utgjer svært sentrale kjelder for sunndalstradisjonen av folkemusikken på Nordmør. Særleg interessante er opptaka av sunndalsspringaren.   Les meir …

Populære sider

Mest lese

ਸੇਵਾ · DUGNAD · צדקה

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjelpe...


<< 1800 | 1801 | 1802 | 1803 | 1804 | 1805 | 1806 | 1807 | 1808 | 1809 | 1810 | 1811 | 1812 | 1813 | 1814 | 1815 | 1816 | 1817 | 1818 | 1819 | 1820 | 1821 | 1822 | 1823 | 1824 | 1825 | 1826 | 1827 | 1828 | 1829 | 1830 | 1831 | 1832 | 1833 | 1834 | 1835 | 1836 | 1837 | 1838 | 1839 | 1840 | 1841 | 1842 | 1843 | 1844 | 1845 | 1846 | 1847 | 1848 | 1849 | 1850 | 1851 | 1852 | 1853 | 1854 | 1855 | 1856 | 1857 | 1858 | 1859 | 1860 | 1861 | 1862 | 1863 | 1864 | 1865 | 1866 | 1867 | 1868 | 1869 | 1870 | 1871 | 1872 | 1873 | 1874 | 1875 | 1876 | 1877 | 1878 | 1879 | 1880 | 1881 | 1882 | 1883 | 1884 | 1885 | 1886 | 1887 | 1888 | 1889 | 1890 | 1891 | 1892 | 1893 | 1894 | 1895 | 1896 | 1897 | 1898 | 1899 >>



Personlege verktøy