Emne:1700-talet
Frå Safon.org
|
BAHA’I • ISLAM • JØDEDOM • ROMANIFOLK • SAMAR • SIKHISME • KYSTKULTUR • LANDBRUK |
|
Emanuel Mendez da Costa (1717–1791) var ein portugisarjødisk botanikar, naturalist, filosof og litteratursamlar frå England. Han var ein av dei første jødane som vart teken opp som felag ved the Royal Society of London, der han verka som bibliotekar. Han var òg felag ved the Royal Antiquarian Society of London, medlem av det botaniske selskapet i Firenze, the Aurelian Society og the Gentleman’s Society at Spalding. Les meir …
Christopher Hansteen (fødd 26. september 1784 i Christiania, død 15. april 1873 i Christiania) var ein norsk astronom og matematikar. Han var professor i astronomi og anvendt matematikk ved «Det kongelige Frederiks Universitet i Christiania», no Universitetet i Oslo frå 1816 til 1861. Hansteen var ein sentral person i norsk og internasjonal vitskap på 1800-talet. Les meir … Cristiano Giuseppe Lidarti (1730–1793), òg kjent som Christian Joseph Lidarti, var ein austerriksk komponist av italiensk opphav som i vår tid særleg er kjent for det hebraiske oratoriet Ester. Christoph Giuseppe Lidarti vart fødd den 23. februar 1730. Han gjekk på skule ved cicestiensarklosteret i Klagenfurt og studerte vidare ved jesuittseminariet i Leoben. Les meir … Jon Olsen Mogrinden (1794–1853), mest kjent som Jó Gri’nn, var ein spelemann og skreddar frå Kvenna (oftast skrive «Kvanne») i Stangvik i noverande Surnadal kommune på Nordmør. Han var kjent som ein av dei fremste spelemennene på Nordmør i si tid. Les meir …
Thomas Augustine Arne (mars 1710—5. mars 1778) var ein engelsk komponist som er mest kjent for den populære patriotiske songen «Rule, Britannia!» som framleis blir mykje framført — mellom anna under Last Night of the Proms. Arne er òg kjent for å ha sett musikk til mange songar frå skodespela åt William Shakespeare. Thomas Augustine Arne vart fødd i mars 1710 i Covent Garden i London i ein familie som hadde slege seg opp i møbeltrekkingsbransjen. Han fekk utdanninga si ved Eton College og var interessert i musikk frå tidleg i ungdomsåra. Eit tilfeldig møte med Michael Festing gav honom rikeleg høve til å pleie musikkinteressa si, men far hans ville likevel at sonen skulle bli jurist. Les meir …
Aure kirkje er ei korskirkje av tre som vart innvigd i 1727. Kirkja, som ligg på ei lita høgd nede ved Aursundet i Aure sentrum i Aure kommune på Nordmør, er soknekirkje for Aure sokn og hovudkirkje for Aure prestegjeld i Ytre Nordmør prosti av Møre bispedømme. Les meir …
Gurū Gōbindh Singh djī (pandjabi ਗੁਰੂ ਗੋਬਿੰਦ ਸਿੰਘ ਜੀ) (Patna i Bihar i India, 22. desember 1666—7. oktober 1708) var den tiande og siste av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 11. november 1675 som etterfølgjar etter far sin, gurū Tēgh Bahādur. Rolla som gurū Gōbindh Singh (òg stundom skrive som «Gobind» og «Govind»), den tiande og siste av dei ti sikh-gurūane og grunnleggarane av sikh-trua, var monumental. Han levde som eit eksempel på sikh-trua gjennom eit liv med store personlege tap: Gōbindh miste far sin, mor si og alle dei fire sønene sine i den religiøse krigen mot Mughal-keisaren i si tid, Aurangzeb. Aurangzeb kravde at alle sikhar laut konvertere til islām eller bli drepne. Det var i denne krigen at gurū Gōbindh leid så store personlege tap. Les meir … Hartvig Philip Rée (1778–1859) var ein dansk-jødisk kjøpmann og forfattar. Hartvig Philip Rée vart fødd den 12. oktober 1778 i Fredericia som son av forretningsmannen Philip Hartvig Rée. Philip Hartvig Rée dødde under ei forretningsreise til Ålborg i 1799, og Hartvig Philip, som var den eldste av 13 søsken, tok da over leiinga av Handelshuset Philip Hartvig Rée & Co. etter far sin. I heimen og med slektningar i Hamborg hadde den evnerike og flittige unge mannen lært kjøpmannskap; men han hadde òg studert Bibelen og gjort seg kjent med seinare jødisk filosofisk og poetisk litteratur under rettleiing av den omvandrande litteraten Elasar Lisser. Verksamheita i handelshuset auka mykje etter at Hartvig Philip flytta hovudkvarteret til Århus og etter at to av dei yngre brørne hadde etablert seg i samvirke med honom; Israel Philip Rée i Hamborg og Isak Philip Rée i Randers. Les meir …
Ein oktant (av lat. octans, ‘⅛ av ein sirkel’) eller ein reflekterande kvadrant er eit geometrisk måleinstrument som først og fremst blir bruka i navigasjon. Namnet oktant kjem av at sjølve bogen på måleinstrumentet utgjer ein åttedels sirkel, og namnet reflekterande kvadrant viser til at instrumentet brukar spegel for å doble den observerte vinkelen til ein fjerdedels sirkel. Andre historiske namn inkluderer astroskop og sjøkvadrant. Oktantane kom i bruk som navigasjonsinstrument i 1730-åra og tok etterkvart over den rolla som kvadranten, og i mindre grad òg framleis jakobsstaven, hadde hatt tidlegare. Les meir …
Georg Friedrich Händel eller George Frideric Handel (1685–14. april 1759) var ein tyskfødd barokkomponist som i vår tid er særleg kjent for oratoriet The Messiah (Messias) og orkesterverka The Celebrated Water Musick og Musick for the Royal Fireworks. Georg Friedrich Händel vart fødd den 23. februar 1685 i Halle i det daverande kurfyrstedømmet Brandenburg av foreldra Georg Händel (1622–1697) og Dorothea Taust (1651–1730). Sjølv om faren gjorde sitt beste for å halde han unna musikken og pense han inn på advokatyrket i staden, viste Georg Friedrich tydeleg talent for tangentspel allereie i sjuårsalderen. Ni år gammal begynte Georg Friedrich å komponere musikk. Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
<< 1700 | 1701 | 1702 | 1703 | 1704 | 1705 | 1706 | 1707 | 1708 | 1709 | 1710 | 1711 | 1712 | 1713 | 1714 | 1715 | 1716 | 1717 | 1718 | 1719 | 1720 | 1721 | 1722 | 1723 | 1724 | 1725 | 1726 | 1727 | 1728 | 1729 | 1730 | 1731 | 1732 | 1733 | 1734 | 1735 | 1736 | 1737 | 1738 | 1739 | 1740 | 1741 | 1742 | 1743 | 1744 | 1745 | 1746 | 1747 | 1748 | 1749 | 1750 | 1751 | 1752 | 1753 | 1754 | 1755 | 1756 | 1757 | 1758 | 1759 | 1760 | 1761 | 1762 | 1763 | 1764 | 1765 | 1766 | 1767 | 1768 | 1769 | 1770 | 1771 | 1772 | 1773 | 1774 | 1775 | 1776 | 1777 | 1778 | 1779 | 1780 | 1781 | 1782 | 1783 | 1784 | 1785 | 1786 | 1787 | 1788 | 1789 | 1790 | 1791 | 1792 | 1793 | 1794 | 1795 | 1796 | 1797 | 1798 | 1799 >>
