Emne:1600-talet
Frå Safon.org
|
BAHA’I • ISLAM • JØDEDOM • ROMANIFOLK • SAMAR • SIKHISME • KYSTKULTUR • LANDBRUK |
|
Harimandir Sāhib, Harmandir Sāhib, Har Mandir eller Sri Darbār Sāhib — mest kjent under tilnamnet Det gylne tempelet — er sikhismens heilagaste stad og valfartsmål for sikhar frå heile verda. Denne gurduārāen vart bygd av den femte sikh-gurūen, gurū Ardjan Dēv, for å hyse Gurū Granth Sāhib, sikhane si heilage skrift. Les meir …
Gurū Gōbindh Singh djī (pandjabi ਗੁਰੂ ਗੋਬਿੰਦ ਸਿੰਘ ਜੀ) (Patna i Bihar i India, 22. desember 1666—7. oktober 1708) var den tiande og siste av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 11. november 1675 som etterfølgjar etter far sin, gurū Tēgh Bahādur. Rolla som gurū Gōbindh Singh (òg stundom skrive som «Gobind» og «Govind»), den tiande og siste av dei ti sikh-gurūane og grunnleggarane av sikh-trua, var monumental. Han levde som eit eksempel på sikh-trua gjennom eit liv med store personlege tap: Gōbindh miste far sin, mor si og alle dei fire sønene sine i den religiøse krigen mot Mughal-keisaren i si tid, Aurangzeb. Aurangzeb kravde at alle sikhar laut konvertere til islām eller bli drepne. Det var i denne krigen at gurū Gōbindh leid så store personlege tap. Les meir …
Georg Friedrich Händel eller George Frideric Handel (1685–14. april 1759) var ein tyskfødd barokkomponist som i vår tid er særleg kjent for oratoriet The Messiah (Messias) og orkesterverka The Celebrated Water Musick og Musick for the Royal Fireworks. Georg Friedrich Händel vart fødd den 23. februar 1685 i Halle i det daverande kurfyrstedømmet Brandenburg av foreldra Georg Händel (1622–1697) og Dorothea Taust (1651–1730). Sjølv om faren gjorde sitt beste for å halde han unna musikken og pense han inn på advokatyrket i staden, viste Georg Friedrich tydeleg talent for tangentspel allereie i sjuårsalderen. Ni år gammal begynte Georg Friedrich å komponere musikk. Les meir …
Benedictus de Spinoza (24. november 1632 - 21. februar 1677), kalla Baruch Spinoza i synagogeprotokollane og kjend som Bento de Spinoza eller Bento d'Espiñoza i samfunnet han vaks opp i, blir saman med René Descartes og Gottfried Wilhelm Freiherr von Leibniz rekna som ein av dei store rasjonalistane i filosofien på 1600-talet. Han er rekna som grunnleggaren av moderne bibelkritikk. Les meir …
Menasseh Ben Israel (1604–1657) var ein sefardisk rabbinar, forskar, skribent, diplomat, boktrykkjar og utgjevar, samt grunnleggaren av det første hebraiske boktrykkjeriet i Amsterdam i 1626. Manoel Dias Soeyro, som var namnet han voks opp med, vart fødd på Madeira i 1604, året etter at foreldra hans flykta frå Portugal på grunn av Inkvisisjonen. Familien flytte til Nederland i 1610. Nederland var på denne tida midt i åttiårskrigen (1568–1648) — ein krig som i stor grad dreidde seg om religiøst opprør. Familien kom dit under våpenkvila som Frankrike og England hadde mekla fram i Haag. Les meir …
Joseph Solomon Del Medigo (1591–1655) var ein romaniotisk forfattar, dokter, matematikar, musikkteoretikar og filosof. Joseph Solomon Del Medigo vart fødd den 16. juni 1591 i Candia på Kreta som son av Elijjáhu, rabbinaren av Candi. Joseph fekk ei grundig jødisk så vel som verdsleg utdanning. Ved Universitetet i Padua i Italia, der han vart oppteken som student 15 år gammal, studerte han logikk, naturleg filosofi, metafysikk og divinitet, og deretter eigna han seg til medisin og favorittstudia sine, matematikk og astronomi — det sistnemnte under Galileo Galilei. Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
<< 1600 | 1601 | 1602 | 1603 | 1604 | 1605 | 1606 | 1607 | 1608 | 1609 | 1610 | 1611 | 1612 | 1613 | 1614 | 1615 | 1616 | 1617 | 1618 | 1619 | 1620 | 1621 | 1622 | 1623 | 1624 | 1625 | 1626 | 1627 | 1628 | 1629 | 1630 | 1631 | 1632 | 1633 | 1634 | 1635 | 1636 | 1637 | 1638 | 1639 | 1640 | 1641 | 1642 | 1643 | 1644 | 1645 | 1646 | 1647 | 1648 | 1649 | 1650 | 1651 | 1652 | 1653 | 1654 | 1655 | 1656 | 1657 | 1658 | 1659 | 1660 | 1661 | 1662 | 1663 | 1664 | 1665 | 1666 | 1667 | 1668 | 1669 | 1670 | 1671 | 1672 | 1673 | 1674 | 1675 | 1676 | 1677 | 1678 | 1679 | 1680 | 1681 | 1682 | 1683 | 1684 | 1685 | 1686 | 1687 | 1688 | 1689 | 1690 | 1691 | 1692 | 1693 | 1694 | 1695 | 1696 | 1697 | 1698 | 1699 >>
