Elias Blix
Frå Safon.org
Elias Blix (1836–1902) var ein norsk forfattar, professor, lærar, målmann og politikar. Han vart fødd på Våg i Gildeskål i Salten i Nordland den 24. februar 1836 og dødde i heimen sin i Kristiania (Oslo) den 17. januar 1902. Han vart gravlagt på Vår Frelsers Gravlund i Kristiania.
- I 1862 var Blix med på å stifte «Den nordlandske Forening» og var første formannen i organisasjonen.
- Han tok teologisk embetseksamen i 1866.
- I 1868 var han med på å stifte «Det norske Samlaget», som fekk til oppgåve å gje ut nynorske skrifter.
- Professor i teologi 1878.
- Statsråd i Kirkjedepartementet frå 26. juni 1884 til 23. februar 1888. Som statsråd greidde han å få oppretta eit professorat i norsk folkemål ved universitetet. I 1885 gjorde Stortinget vedtak om at landsmålet skulle vera jamstilt med bokmålet, det såkalla Jamstellingsvedtaket. Som politikar representerte Blix partiet Venstre.
Blix oppdaga landsmålet da han gjekk på lærarskule i Tromsø i 1850-åra. Han tok kontakt med målrørsla da han kom til Kristiania og vart knytt til Aasmund Olavsson Vinje og vekebladet Dølen. Han besøkte Gildeskål sommaren 1866 og bad om løyve til å preike i Gildeskålkirkja, men på grunn av Blix sitt arbeid som målmann ville ikkje soknepresten gje løyve. Blix hadde nettopp teke teologisk embetseksamen. Hendinga i Gildeskål seiest å vera grunnen til at han ikkje vart prest og at han aldri kom tilbake til Gildeskål.
Blix var med på arbeidet med å omsette Bibelen og Luthers litle katekisme til landsmål. Elias Blix blir rekna som ein stor salmediktar. Han har skrive meir enn 200 salmar. Det var først i 1892 at det vart lov å synge salmane hans i kirkja. I Norsk Salmebok er det teke med over 50 salmar av Blix.
[endre] Lenkjer
[endre] Kjelder
- «Elias Blix» på Nynorsk Wikipedia
- Bolling, Reidar: «Elias Blix» på Salten Museum sin nettstad
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Elias Blix» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |

