Eine
Frå Safon.org
Eine eller einer (latin Juniperus communis), òg kalla brake og brisk, er eit litevore bartre av sypressfamilien med varierande vekstform. Eine har aromatisk, kompakt og sterk ved med bark av utprega baststruktur. Veden er veleigna til småhusflid. Einebær blir mykje bruka til krydder — særleg til viltretter, pinnekjøt og til brennevinet sjenever (genever, gin).
Innhaldsliste |
[endre] Utsjånad
[endre] Bruk
[endre] Mat
[endre] Einebær
Einebær blir bruka som krydder i samband med viltretter og pinnekjøt, og stundom òg i andre matretter. Brennevinet sjenever (òg kalla genever eller gin) er smaksett med einebær.
[endre] Einekvistar
Berkte pinnar av eine blir lagde nedst i gryta når ein dampar pinnekjøt i ein del vestlandsfamiliar. Desse pinnane hjelper til å halde kjøtet ut av vatnet, og dei gjev i tillegg pinnekjøtet ein lett aroma av eine. Ein kan òg legge til nokre einekvistar med bar og bær på for ekstra smak.
[endre] Husflid
[endre] Landbruk og fiske
Eine er sterk, fleksibel og sein til å rotne og eignar seg dermed godt til tilverking av ulike reidskap og børnskap som lyt tola vêr og vind.
[endre] Staur
Rettvaksne, berkte eineemne eignar seg godt til staur. På grunn av liten tilgang på rette emne er det ikkje så vanleg å bruke eine til vanleg gjerdestaur, men einestaurar er tradisjonelt ein del bruka som hesjestaur, og dei er spesielt veleigna som kornstaurar.
[endre] Onglar
På Nordmøre vart fiskekrokar av eine bruka til relativt moderne tid, og munnlege tradisjonar om dette vart nedskrivne på 1800-talet.
[endre] Arkitektur
Nokre stader på Vestlandet blir einekvistar tradisjonelt bruka til brakekledning — ein byggjeteknikk der eit rammeverk i stavverk eller bindingsverk blir tett utfylt med ein grov vevnad av uberkte einekvistar med bar. Brakekledning er mest bruka i samband med uthus som naust, løer og utløer.
[endre] Namngjeving
Ettersom einer er ein vanleg busk i Noreg, har han gjeve namn til fleire norske stader — slik som Briskeby, Einerhaugen og Enerhaugen. Planten har derimot ingen ting å gjera med mannsnamnet Einar.
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelder
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. | This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License. |
Kategoriar: GFDL | Eine | Tre | Sypressfamilien | Krydder
