Django Reinhardt - Safon.org

Django Reinhardt

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Jean-Baptiste Reinhardt (19101953), mest kjent som «Django Reinhardt», var ein belgisk-fransk jazzgitarist som var kjent for virtuos sigøynarjazz. Han blir rekna som ein av dei mest innflytingsrike jazzmusikarane, og han var òg ein av dei første gitarsolistane innanfor jazzen.

Jean-Baptiste Reinhardt vart fødd den 23. januar 1910 i Liberchies i Belgia og voks opp i sintimiljøet utanfor Paris. Han gav ut den første plata si, der han spela banjo, i 1928. Etter at han vart alvorleg brannskadd gjekk han over til å spela gitar. På grunn av at han hadde øydelagt to fingrar på venstrehanda utvikla han ein særeigen teknikk for å spela med dei tre fingrane på venstrehanda som han framleis kunne bruke. Frå 1934 var han med på fleire turnéar (blant anna i Carnegie Hall) og utgjevingar med Quintette du Hot Club de France. Dei andre musikarane i ensemblet var Stéphane Grappellifiolin, broren Joseph Reinhardt på gitar, Roger Chaput på gitar og Louis Volakontrabass.

Reinhardt var eit av dei store namna i jazzen, og han spela blant anna saman med Coleman Hawkins, Benny Carter, Rex Stewart og Louis Armstrong. Han blir minna årleg gjennom prisen Django d’Or og fleire musikkfestivalar — som Django Reinhardt Festival i New York, Djangofestivalen i Oslo og Festival de Jazz Django Reinhardt i heimbyen Samois sur Seine i Frankrike. Musikk inspirert av Django blir i dag ofte referert til som String Swing.

Sonen Babik Reinhardt var òg jazzgitarist. Django Reinhardt dødd den 16. mai 1953 i Fontainebleau i Frankrike.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Django Reinhardt» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy