Djainisme - Safon.org

Djainisme

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Djaina-sadhvīer mediterer i Brindavan i Uttar 'Pradesh. (Foto: Claude Renault)
Djaina-sadhvīer mediterer i Brindavan i Uttar 'Pradesh. (Foto: Claude Renault)

Djainismen er ein religion som har utspring i India og som framleis hovudsakleg blir følgd der. Religionen slik han er i dag skriv seg tilbake til Vardhamana Mahavira, som levde på 500-talet fvt. Han bygger på hinduismen og har òg hatt stor innverknad på denne religionen. Djainismen legg vekt på gode handlingar som vegen til frelse, heller enn dyrking av nokon guddom.

Innhaldsliste

[endre] Ahimsa

Det viktigaste særtrekket ved djainismen er tru på ikkje-vald — «ahimsa». Ein from djain skal, så langt han eller ho greier, unngå å drepa noko levande vesen. Dette tyder at dei et vegetarisk mat, men òg at dei ikkje et røter og heile plantar; at dei brukar silke laga utan at silkeormar blir drepne; at dei gjerne sopar vegen framfor seg når dei går for ikkje å trø på insekt; og at dei gjerne ber munnbind for ikkje å puste inn og drepa mikroorganismar.

[endre] Utbreiing og inndeling

Kring 4 millionar menneske hører til djainismen. Dei fleste av dei indiske djainane bur i Gujarat og Rajasthan vest i landet og Karnataka i sør, med eit viktig senter i Sravana Belgola. Elles finst større djainsamfunn i Canada, USA og Storbritannia.

Djainismen har to viktige hovudretningar, svetambara og digambara. Dei skil seg mellom anna i klesvegen, der svetambaraer ber kvit silke og digambaraer går nakne der dette er muleg, og i kven som kan vera asketar og oppnå moksja – i digambaradjainismen er dette som regel berre tillate for menn, medan begge kjønn kan vera asketar i svetambaradjainismen.

[endre] Djainismen og jødedommen

[endre] Kjelder

[endre] Lenkjer


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy