Diskusjon:Johan Caspar de Cicignon - Safon.org

Diskusjon:Johan Caspar de Cicignon

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Johan Caspar de Cicignon
Johan Caspar de Cicignon
Fil:Fredrikstad Cicignonmonument01.JPG
Fragment av gravmonumentet over Cicignon, no i Fredrikstad Museum.

Johan Caspar de Cicignon (f.ca 1625 i Oberwampach i Luxembourg, d. 1696) var ein dansk-norsk general, ingeniør og byplanleggar. Han var av adeleg byrd.

[endre] Biografi

I 1657 vart Cicignon dansk offiser. I 1660-åra vart han utnemnt til kommandant ved Bergenhus festning.

Seinare kom han over i stridande teneste. Han laut tola kritikk for svak taktisk leiing etter eit slag ved Lund i Skåne i desember 1676 og vart etter eige ønskje stasjonert i Fredrikstad. Her gikk han med iver og dyktigheit inn for å utvikle festningsanlegga og skaffa seg etter kvart ry som ingeniør og byplanleggar.

I 1681 vart Cicignon sendt til Tronhjem for å leie atteroppbygginga av byen etter bybrannen. Han utarbeidde da den byplana som Midtbyen i Trondheim framleist er regulert etter og som blir rekna som det fremste eksemplet på ei barokk byplan i Noreg. Året etter vart Kongsvinger òg anlagt etter ei plan av Cicignon.

Dei seinare åra sine levde Cicignon i Fredrikstad. Her gjorde han det godt i eigedomsspekulasjon, og han endte sine dagar i stor velstand. For innsatsen sin for Fredrikstad har han også fått en bydel oppkalla etter seg.

[endre] Litteratur

  • Trondheim Historiske forening: 300 år med Cicignon 1681–1981, Trondheim 1981. ISBN 82-990757-1-8


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Johan Caspar de Cicignon» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy