Deviasjon
Frå Safon.org
Magnetisk deviasjon er det avviket ein må justere for i kompasskursen om bord på ein båt, eit skip eller eit luftfartøy som kjem frå magnetismen i sjølve fartøyet. Deviasjonen kan ha positivt eller negativt forteikn. Han vil òg endre seg i etter kursen til fartøyet, slik at det må settast opp ein tabell (eller kurve) som viser deviasjonen for ulike retningar.
For å finne rettvisande kurs (Rk) må ein òg korrigere kompasskursen (Kk) for misvisninga på staden.
Rettvisande kurs (den rette kursen på kartet) blir da utrekna etter formelen: Rk = Kk + misvisning + deviasjon.
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Deviasjon (magnetisk)» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
Kategoriar: GFDL | Bokmålswikipedia | Q | Navigasjon | Magnetisme
