Det portugisarjødiske samfunnet i Hamborg - Safon.org

Det portugisarjødiske samfunnet i Hamborg

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Det portugisarjødiske samfunnet i Hamborg eller Det sefardiske samfunnet i Hamborg eksisterte frå først på 1600-talet til samfunnet vart utsletta av nazistane under andre verdskrigen.

Innhaldsliste

[endre] Byrjinga

Dei første kjente jødiske busettarane i Hamborg var portugisiske kryptojødar som hadde flykta frå Portugal under Filip II og Filip III av Portugal og som til å begynna med skjulte religionen sin på den nye bustaden. I 1603 klaga oldermennene til Senatet i Hamborg over den aukande innflytelsen frå portugisiske jødar. Senatet spurde dei teologiske fakulteta i Jena og Frankfurt an der Oder om råd i saka, og i 1612 vart dei etter lange forhandlingar einige om at jødane skulle bli godtekne i byen som framande mot at dei betalte ein særskild verneskatt — men samtidig vart det bestemt at dei ikkje skulle ha rett til offentleg gudsteneste. Etter ein «rolla» (ei liste) frå denne tida talde det sefardiske samfunnet 125 vaksne i tillegg til tenarar og born. Frå 1611 hadde det sefardiske samfunnet ein gravlund i Altona som var i bruk fram til 1871. I 1617 fekk dei rett til å velje fire innsvorne meklarar frå sitt eige folk, og seinare vart dette talet auka til femten.

[endre] 1600-talet

Desse portugisiske jødane, som hovudsakleg dreiv grossistverksemd, var til stor hjelp for forretningslivet i byen. Dei var dei første til å opne handle med Spania og Portugal; dei importerte sukker, tobakk, krydder, bomull og ymse anna frå koloniane; og dei spela ei vesentleg rolle i opprettinga av Die Bank von Hamburg i 1619. Den mest kjende sefardíen frå denne perioden var lækjaren Rodrigo de Castro, som budde i Hamborg frå 1594 til han døydde. Som takk for tenestene hans til folkehelsa i byen gav Senatet han rett til å eiga fast eigedom i byen. Andre kjende sefardím frå denne tida var astronomen Boccario Rosales (som fekk tittelen comes palatinus av keisaren), diktaren Joseph Frances, grammatikaren Moses Gideon Abudiente og lækjaren, filosofen og lingvisten Benjamin Mussafia.

Så tidleg som i 1627 hadde dei portugisiske jødane eit lite gudstenestelokale med namnet «Talmud Torah» i huset åt Elijah Aboab Cardoso. Keisar Ferdinand II klaga bitterleg til Senatet over denne synagogen, ettersom katolikkane ikkje var tillatne å byggje seg kirkje i Hamborg på den tida. Men trass i denne protesten og sterke åtak frå protestantiske geistlege fortsette Senatet å verne jødane. Den første ḥakhámen vart Isaac Athias frå Venezia. Etterfølgjaren hans, Abrahám Ḥayyím de Fonseca (d. ijjár 5411 (1651)) var òg ḥakhám i ein annan synagoge, «Keter Torah». I 1652 organiserte det portugisiske samfunnet seg offisielt som eit trussamfunn med ein stor synagoge som fekk namnet «Bet Israel», og dei valde Davíd Cohen de Lara (d. 1674) som «ḥakhám do nação» (overrabbinar). Saman med honom tente ḥakhám Moses Israel, og seinare òg Judah Carmi, som rabbinarar i trussamfunnet (begge desse dødde i 1673). I 1656 vart Isaac Jesurun kalla frå Venezia til Hamborg for å taka plassen som «ḥakhám geral» (overrabbinar) « ... for fremjing av religion og generell velferd», som den eldste minutiæ-boka åt trussamfunnet seier. Tilsynelatande fornærma av denne innkallinga tok Cohen de Lara fri nokre månader og flytte deretter til Amsterdam. Etter at Jesurun dødde (1655), vendte De Lara attende til Hamborg, der han dødde.

Av dei tidlege medlemmene av samfunnet kan nemnast Benedict de Castro, son av Rodrigo og ein vidkjend lækjar som far sin. I 1663 talde det sefardiske samfunnet, som på den tida var det einaste godkjende jødiske samfunnet i Hamborg, omlag 120 familiar. Blant desse var fleire som utmerkte seg i velstand og politisk innflytels: Daniel Abensur (d. 1711) var residerande minister åt kongen av Polen i Hamborg; Jacob Curiel (d. 1664) og Nuñez da Costa var representantar for kongen av Portugal; Diego Teixeira (Abraham Teixeira; d. 1666) og son hans, Manoel Teixeira (Isaac Teixeira) administrerte formuen åt dronning Christina av Sverige, og Manoel var residerande minister for dronning Christina i Hamborg. Jangakób Sasportas underviste i tida 166672 ved ein bet hammedrásj som var grunnlagd av Manoel Teixeira og vart ofte spurd, i kraft av rolla si som ḥakhám, om avgjersler i religiøse spørsmål.

Dei sefardiske jødane i Hamborg var svært opptekne av den falske masjíaḥen Sjabbetài Ṣebí. Dei arrangerte festar til hans ære i hovudsynagogen sin der dei unge mennene hadde på seg band og belte av grøn silke, «livréen åt Sjabbetài Ṣebí». Sasportas prøvde forgjeves å dempe denne entusiasmen — ein entusiasme som endte i bitter skuffelse nokre få år seinare. Andre ḥakhamím i trussamfunnet var Jacob ben Abraham Fidanque, Moses Ḥayyím Jesurun (d. 1691), Samuel Abaz (d. 1692) og Abraham Hacohen Pimentel (d. 1697).

I 1697 vart religionsfridommen som trussamfunnet hadde oppnådd forstyrra av fiendslege edikt frå oldermennene, og jødane vart pålagt utbyttande særskattar. Derfor trekte mange rike og viktige portugisiske jødar seg ut av Hamborg, og ein del av desse kom til å legge grunnlaget for det nye portugisisk-jødiske trussamfunnet i Altona. Intern ueinigheit, og særleg tilbaketrekkinga av Jacob Abensur (residerande minister åt kongen av Polen) og følgjesveinane hans, var andre årsaker til nedgangen i det sefardiske trussamfunnet i Hamborg.


[endre] Ashkenazim

In the meantime the German Jews had been increasing in importance and numbers, though they were not yet publicly protected by the Hamborg authorities. In 1583 twelve German-Jewish families had asked in vain for admission to the town; in the second quarter of the seventeenth century several Jewish merchants went to Hamborg, mostly from Altona, where, through the tolerance of the counts of Schaumburg, Jews had for some time been admitted. In the Danish safe-conduct ("Schutzbrief") of 1641 granted to the Jews of Altona, protected Jews ("Schutzjuden") living in Hamborg are mentioned. In 1648 the council of aldermen issued an order expelling the German Jews("Hochdeutsche Juden") from the town. They moved to Altona, and were required to pay a monthly tax for the privilege of transacting business in Hamborg. In 1657 the Swedes invading Altona drove them out, and they, together with the other Jews of Altona, fled to Hamborg. At this time fifteen Jewish families remained in Hamborg tacitly tolerated by the senate, and out of these families, which lived under Danish protection, the Altona congregation in Hamborg was formed. Other German Jews were admitted after 1654, under the protection of the privileged Portuguese congregation—at first only as servants of the Portuguese—and these founded the Hamborg congregation, which continued to be under the control of the Portuguese till 1671. David Tebel is mentioned as their first rabbi. In 1671 both the Hamborg and the Altona congregation in Hamborg placed themselves under the chief rabbi of Altona. Soon afterward the Jewish congregation of Wandsbeck with its branch congregation in Hamborg joined this union, making one congregation known as "The Three Communities" (see Altona), the first chief rabbi being Solomon Mirels of Neumark (d. 1706).

The German Jews of Hamborg were principally engaged in retail businesses, and they soon became an important factor of the new town ("Neustadt"), founded in the first half of the seventeenth century. But, having no right to live in Hamborg, they were persecuted most violently by the clergy, and their services were often disturbed. In 1697 the aldermen forced the senate to exact a large sum of money from the German Jews and to impose heavy restrictions upon them. In spite of the state of suppression in which the German Jews lived at this time there was much spiritual life among them. As a writer Glückel Hameln, who lived in Hamborg in 1700, deserves mention here: she left a highly interesting autobiography in Judæo-German.

[endre] 1700-talet

I 1710 fastsette ein keisarleg kommisjon som var i byen for å mekle fred mellom Senatet og oldermennene eit reglement som definerte rollene til dei jødiske gruppene i Hamborg («Reglement der Judenschaft in Hamburg Sowohl Portugiesischer als Hochdeutscher Nation») i namnet åt keisar Joseph II. Dette ediktet vart den grunnleggande lova for behandlinga av jødar i Hamborg i det følgjande århundret. Dei tyske jødane var lovleg etablerte i Hamborg og naut mesta same rettane som dei portugisiske jødane.

Dei portugisiske jødane, som var stolte av sitt noble opphav, var på si side lite glade over å ha vorte sette på same nivå som dei tyske jødane og skilde seg meir og meir frå desse sosialt. Som eit resultat av denne isolasjonen og av mangel på friskt innsig kom det portugisiske samfunnet til å gå tilbake i løpet av 1700-talet og miste den leiande posisjonen det hadde hatt blant hamborgjødane. Det fanst likevel nokre velkjende ḥakhamím, slik som t.d. Jacob de Abraham Basan, som skreiv ein bøneorden (som framleis finst) for ein fastedag som vart halden etter det store jordskjelvet i Lisboa i 1755. Ein annan vidkjend ḥakhám var Benjamin Benveniste (d. 1757). Men det gjekk attende med lærdommen og interessa for jødiske spørsmål i det portugisiske samfunnet, og dei sefardiske institusjonane vart forsømte. Sjeḥitáen, som tidlegare hadde vore heilt og fullt under portugisisk overoppsyn, vart teken over av det asjkenaziske samfunnet, som til gjengjeld laut betala portugisarane ein firedel (frå 1856 berre ein åttedel) av bruttoutbyttet.

[endre] 1800-talet

[endre] Napoleonskrigane

I 1811, da Hamborg vart inkorporert i det franske imperiet, vart alle jødar i Hamborg pålagde å oppløyse dei tidlegare samfunna sine og å opprette eitt felles jødisk trussamfunn for Hamborg. Grunnlova for dette nye samfunnet vart etablert året etter. På same tid vart dei gamle restriksjonane oppheva og hamborgjødane vart gjevne full likskap føre lova på same viset som alle andre jødar i Det franske riket. Under Davoust sin terrorisme vinteren 181314 var det mykje liding i samfunnet gjennom utvisinga av dei fattigare medlemmene. I 1814, da byen vart frigjeven frå den fransk okkupasjonen og Senatet atterinnsett, vart dei fulle borgarrettane for jødar oppheva att, trass i at det jødiske samfunnet hadde vist stor lojalitet mot byen sin. Denne uretten vart sanksjonert av Wienerkongressen («Deutsche Bundesakte») i 1815. Av alle dei franske institusjonane vart berre sivilregistra over fødslar, ekteskap og dødsfall behaldne; desse vart haldne separat for jødane fram til 1865.

[endre] Reformtempelet

I 1818 vart Tempelet i Hamborg grunnlagt — ein synagoge med sterkt endra gudstenester og med orgel, kor og ei ny og kortare bønebok. Bønene var i hovudsak basert på asjkenaziske former, men med ein del sefardiske innslag og med gjennomført sefardisk transkripsjonsmåte. Rabbinarar i reformtempelet i den første tida var Eduard Kley (181840) og Gotthold Salomon (181857; d. 1863). Seinare tok N. Frankfurter (184066), Max Sänger (186772) og H. Jonas (185889) over. På ḥazzánsida var derimot det sefardiske innslaget mykje sterkare heilt fram til kring 1870.

Reformtempelet var først og fremst ei rørsle innanfor asjkenaziske miljø i Hamborg, og som ein motreaksjon til reformtempelet innanfor asjkenazisk jødedom utkrystalliserte snart moderne ortodoks jødedom seg — først under leiing av Isaac Bernays, som vart overrabbinar av det høgtyske samfunnet i 1821 og som markerte seg som ein innbitt motstandar av reformtempelet. Han utmerka seg ved på den eine sida å halde på den gamle gudstenesteforma og samtidig på den andre sida ved å innføre preikener på tysk. Etter at Bernays plutseleg døydde i 1849, tok Anschel Stern over som asjkenazisk overrabbinar (185158).

[endre] Synagogebrann og nybygg

Interiør av Esnogaen i Zweite Marktstraße sett frå galleriet attast i synagogen. Vi ser tebáen nærmast kameraet. Som vanleg i sefardiske synagogar i Vest- og Nord-Europa er tēbáen plassert langt bak i rommet som ein motpol til Hekhál, som vi her ser attast i bildet.
Interiør av Esnogaen i Zweite Marktstraße sett frå galleriet attast i synagogen. Vi ser tebáen nærmast kameraet. Som vanleg i sefardiske synagogar i Vest- og Nord-Europa er tēbáen plassert langt bak i rommet som ein motpol til Hekhál, som vi her ser attast i bildet.

Hovudsynagogen for den portugisiske meinigheita brann ned i den store brannen i 1842, og ei ein del år etterpå vart det halde private gudstenester ymse stader. Nokre år seinare vart ein ny synagoge med maurisk interiør teikna av arkitekt Rosenhagen, og den nye esnogaen i Zweite Marktstraße vart innvigd i 1855. I dene synagogen, som var vesentleg mindre enn tidlegare tiders synagogar, vart den sefardiske gudstenesta med alle sine tekstar og melodiar halden ved like. Frå først på 1800-talet av hadde den portugisiske meinigheita ingen eigen ḥakhám. Den siste preikaren og andelege leiaren var Judah Cassuto, som innehadde embetet som ḥazzán frå 1827 til 1893.

[endre] 1848-revolusjonen og emansipasjon

In 1848 the Revolution brought about the emancipation of the Jews in Hamborg as in many other states of the German Confederation. In 1849 all members of the German-Jewish, as well as of the Portuguese congregation were free to acquire citizenship in the town. Every new Jewish settler, however, Portuguese excepted, was obliged to join the German-Jewish congregation, which formed a separate political corporation in the state. In 1864 this obligation was abolished. The old German-Jewish congregation was now dissolved, and again constituted itself a congregation in which membership was voluntary. It retained the exclusive care of all the institutions connected with education, charity, and burial. The management of affairs relating to public worship was transferred in 1867 to the Confederation of Synagogues for the Orthodox, and to the Tempel-League for the Reform Jews. The Confederation of Synagogues received at the same time the two large synagogues belonging to the congregation, and in return undertook to pay the salaries of the chief rabbi and other officials and to administer all the other ritual institutions, especially the sheḥiṭah. Since 1889 Marcus Hirsch (formerly at Alt-Ofen and Prague) has officiated as chief rabbi. The preachers of the Tempel-Verein or league are D. Leimdörfer (since 1882), Paul Rieger (since 1902), the latter's predecessor in office having been C. Seligmann (1889).


The Jewish population at Hamborg, which in 1814 numbered about 7,000, was 17,300 out of a total population of 626,000 in 1895. The number of contributing members of the German congregation is 3,535; that of the Portuguese, about 400.

[endre] Typography (including that of Altona)

Isaac di Cordova

During 1710-11 Isaac Hezekiah di Cordova established a press for which Isaac ben Joseph Benveniste and Isaac ben Moses Ḥayyim Levi Horwitz were compositors. No typographical records exist for the years between 1721 and 1780; but in the latter year a press was founded by Leser and Nathan ben Moses Mai. It endured ten years; among its compositors at various times were Jacob ben Judah Löb ben Zerach (1788) and Mattathiah ben Judah Löb Guttmann (1790).

[endre] Bibliografi

  • Acts of the Municipal Archives of Hamburg (unpublished)
  • Cassel / Steinschneider: «Jüdische Typographie» i Ersch and Gruber, Encyc. section ii., del 28, ss. 86–87
  • A. Feilchenfeld: Anfang und Blütezeit der Hamburger Portugiesengemeinde, Hamburg 1898
  • Protocol-Book and Acts of the Portuguese Congregation (unpublished)
  • Steinschneider, in Ludwig Geiger's Zeitschrift für die Gesch. der Juden in Deutschland, i.
  • idem, Cat. Bodl. s.v. Rose, etc.J. I. Br.

[endre] Lenkjer

[endre] Kjelder

Personlege verktøy