Det jødiske samfunnet i Heinsheim - Safon.org

Det jødiske samfunnet i Heinsheim

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Heinsheim i Baden-Württemberg. (Foto: P. Schmelzle)
Heinsheim i Baden-Württemberg. (Foto: P. Schmelzle)
Den tidlegare synagogen for det jødiske samfunnet i Heinsheim. Bygninga er no (2006) bruka som smie.Foto:P. Schmelzle
Den tidlegare synagogen for det jødiske samfunnet i Heinsheim. Bygninga er no (2006) bruka som smie.
Foto:P. Schmelzle

Heinsheim am Neckar er ein landsby som sidan 1972 har sortert som bydel under Bad Rappenau nordvest for Heilbronn i Baden-Württemberg.

Det første vi veit om det jødiske samfunnet i Heinsheim er at Den tyske ordenen lét jødar busette seg i Heinsheim frå 1500-talet av. Den første jøden vi veit om i landsbyen var Jud Simon von Heinsheim i 1563. Den jødiske busettinga var på sitt høgaste i 1838, da det budde 118 jødar der.

Innhaldsliste

[endre] Synagogen

Frå kring 1600 av var det òg synagoge i Heinsheim. Den første tida var denne synagogen felles for Heinsheim og Bad Wimpfen, men frå 1744 av var det separate synagogar for desse to landsbyane. Den siste synagogebygninga vart bygd i 1796 og reparert for omfattande skadar i 1818. Den 17. januar 1938, to månader etter at trussamfunnet vart oppløyst, vart synagogen selt til ein ikkje-jødisk landhandlar. Synagogebygninga står framleis og blir i dag (2006) bruka som smie.

Den jødiske gravlunden i Heinsheim. (Foto: P. Schmelzle)
Den jødiske gravlunden i Heinsheim. (Foto: P. Schmelzle)

[endre] Gravlunden

Utanfor landsbyen, i Schlierbach, vart det lagt ein jødisk gravlund allereie på 1500-talet som etterkvart kom til å bli gravlund for opp til 25 kringliggjande jødiske samfunn.

[endre] Sjoá

I 1933 budde det enno 24 jødar i Heinsheim. Det jødiske samfunnet i Heinsheim vart oppløyst den 8. november 1937. Under Krystallnatta natt til 9. november 1938 vart fem jødiske bustader plyndra og øydelagde. Desse personane vart drepne av nazistane under sjoá:

  • Ricka Bauer, f. Krämer (f. 1870)
  • Johanna Bechhofer, f. Krämer (f. 1866)
  • Frederique Frank (f. 1890)
  • Hedwig Freudenthaler, f. Ottenheimer (f. 1893)
  • Bertha Grünebaum (f. 1881)
  • Lisa Loeb (f. 1891)
  • Otto Mayer (f. 1908)
  • Berta Ottenheimer, f. Kahn (f. 1864)
  • Emma Ottenheimer, f. Strauß (f. 1871)
  • Moses Ottenheimer (f. 1861)
  • Natalie Ottenheimer, f. Würzweiler (f. 1861)

[endre] Kjelder


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Heinsheim» frå Tysk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy