David Simonsen
Frå Safon.org
David Simonsen (1853–1932) var ein dansk rabbinar med utdanning frå København og Breslau (det noverande Wrocław i Polen) som var overrabbinar for Det mosaiske Troessamfund i København frå 1892 til 1902. Den store boksamlinga hans, som dekker mange humanistiske disiplinar og språkområde, og arkivet hans vart teke over av Det Kongelige Bibliotek i København i 1932.
Breva i arkivet, som omfattar perioden frå kring 1880 til 1932 og som involverer kring 4 700 avsendarar og mottakarar, avspeglar det store kontaktnettet hans i Danmark og internasjonalt. Gjennom utdanninga si i Breslau kom han i kontakt med mange av dei leiande forskarane innanfor jødedom og jødisk historie i si tid, men gjennom interessa si for andre fag hade han òg kontakt med historikarar, arkeologar og andre vitskapsfolk. Virket hans som filantrop førte med seg mykje korrespondanse med politiske og andre organisasjonar, så vel som privatpersonar i Danmark og elles som trong støtte.
[endre] Lenkjer
Det Kongelige Bibliotek: David Simonsens Arkiv
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «David Simonsen» frå Dansk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
