David Abraham Bueno de Mesquita - Safon.org

David Abraham Bueno de Mesquita

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

David Abraham Bueno de Mesquita (23. mars 188912. desember 1962) var ein nederlandsk-sefardisk figurativ bildekunstnar som hovudsakleg arbeidde med kunstmåleri og grafikk.

Innhaldsliste

[endre] Liv

David Abraham Bueno de Mesquita vart fødd i Amsterdam den 23. mars 1889 av foreldra Rebecca Lopes de Leao de Laguna og Jacob Bueno de Mesquita. Frå ca 1906 studerte han ved Rijksnormaalschool voor tekenleraren i heimbyen, og deretter ved Akademie voor Beeldende Kunsten same stad i tida 19091913. Etter at han i 1913 mottok Prix de Rome for biletet «Jacob herkent het bebloede kleed van zijn zoon» (‘Jakob kjenner att den utblødde kappa åt son sin’), flytte han i 1914 til Roma og budde der ei tid. Han reiste seinare på studiereise til Madrid. I 1922 flytte han til Amsterdam att, og flytta så til Firenze i Italia i 1929, der han vart buande til han døydde der den 12. desember 1962.

[endre] Verk

Bueno de Mesquita var ein figurativ biletkunstnar som arbeidde hovudsakleg med kunstmåleri (inkludert oljemåleri og akvarell), teikning og grafisk kunst (m.a. etsing og litografi); særleg innanfor sjangrane landskapsmåleri og portrett. Han illustrerte òg mange bøker.

[endre] Kjelder

[endre] Lenkjer


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy