David Aaron de Sola - Safon.org

David Aaron de Sola

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Rev. David Aaron de Sola (1796–1860)
Rev. David Aaron de Sola (1796–1860)

Reverend David (de) Aaron de Sola (17961860) var ein sefardisk rabbinar, ḥazzán og forfattar som tente for Bevis Marks-synagogen frå 1818 fram til han døydde i 1860. De Sola skreiv og gav ut bøker på fire språk — nederlandsk, engelsk, tysk og hebraisk. Han var kjend som «den lærde ḥazzánen» blant engelske sefardím.

[endre] Liv

De Sola-familien sitt våpenskjold. Sola er det sentrale heraldiske motivet. Den hebraiske teksten er henta frå Tehillím 23 (Salme 23) og tyder ‘A. er min gjetar, eg reddest ikkje’.
De Sola-familien sitt våpenskjold. Sola er det sentrale heraldiske motivet. Den hebraiske teksten er henta frå Tehillím 23 (Salme 23) og tyder ‘A. er min gjetar, eg reddest ikkje’.

David de Aaron de Sola vart fødd i Amsterdam i 1796 som son av talmudisten Aaron de Sola (1770-1821). Da han var elleve år gammal vart han teken opp som student ved den lokale bét hammedrásjen i Amsterdam, og ni år seinare vart han uteksaminert som rabbinar, berre tjue år gammal. To år seinare, i 1818, vart han valt inn i kollegiet av geistlege ved Bevis Marks-synagogen i London.

David de Sola gifte seg i 1819 med Rica Meldola, den eldste dottera av ḥakhám Raphael Meldola. David og Rica hadde seks søner og ni døtrer. Éi dotter, Jael de Sola, gifte seg med Solomon Belais (son av rabbinar Abraham Belais), som på eit tidspunkt var skattemeister for beyen av Tunis. Dottera Eliza de Sola gifte seg med rev. Abraham Pereira Mendes og vart mor til dr. Frederick de Sola Mendes og dr. Henry Pereira Mendes. Dottera Annette de Sola gifte seg med tannlækjar Maurice Cohen Rogers (el. Maurits Cohen Rodrigues, f. 23. oktober 1831). Seks av dei andre døtrene vart gifte i London. Av sønene hans kan nemnast andre sonen, Abraham de Sola (1825-1882), som var rabbinar, orientalist, vitskapsmann og samfunnsleiar; og yngste sonen, Samuel de Sola (1839-1866), som vart tilsett i stillinga etter faren i Bevis Marks-synagogen i 1863 og som komponerte mange songar for synagoge- og heimebruk.

Rev. David Aaron de Sola døydde i Shadwell ved London i 1860.

[endre] Verk

David Aaron de Sola. (Illustrasjon frå Jewish Encyclopedia.)
David Aaron de Sola. (Illustrasjon frå Jewish Encyclopedia.)

Etter ymse talar De Sola heldt for the Society for the Cultivation of Hebrew Literature den første tida etter at han vart tilsett ved Bevis Marks-synagogen i London sette màŋamáden (styret) han til å halde føredrag på engelsk, og den 26. mars 1831 heldt han den første preikaengelsk nokon gong innanfor veggene av Bevis Marks-synagogen. Mangamáden gav seinare ut føredraga hans.

I 1829 kom det første verket hans, The Blessings, og i 1836 gav han ut seksbandsverket Translation of the Forms of Prayer According to the Custom of the Spanish and Portuguese Jews. Andre utgåva av denne omsettinga (1856) danna grunnlaget for talrike seinare utgåver.

I 1837 gav De Sola ut The Proper Names in Scripture, og kring same tid skreiv han Moses the Prophet, Moses Maimonides, and Moses Mendelssohn, og i 1838 kom Notes on Basnage and Milman’s History of the Jews ut.

I 1839 omsette han og M.J. Raphall atten massekhtót av Misjná, men dette arbeidet fekk ei uventa vending: Manuskriptet kom i hendene på eit medlem av Burton Street-synagogen, og det vart utgjeve i 1841 utan løyve frå forfattarane, føre det vart revidert og retta for trykking — og med eit anonymt føreord som uttrykte synspunkt som var heilt i strid med De Sola og Raphalls syn.

I 1840 begynte De Sola og M.J. Raphall på arbeidet med ei engelsk omsetting av Tenákh med kommentar. Berre det første bandet, Genesis, vart utgjeve (1844).

De Sola spela ei avgjerande rolle i organiseringa av the Association for the Promotion of Jewish Literature og andre foreiningar av liknande art.

I 1857 gav han ut The Ancient Melodies of the Spanish and Portuguese Jews, inkludert ei historisk utgreiing om diktarane, dikta og melodiane i den sefardiske liturgien. Melodiane vart nedskrivne av komponisten og pianisten Emanuel Aguilar, som òg arrangerte melodiane i klassisk-romantisk stil.

Rev. David Aaron de Sola omsette heile maḥzóren (liturgien for heilagdagar) for dei asjkenaziske jødane til engelsk, og denne omsettinga kom ut i fire band i 1860.

Ved sida av verka sine på engelsk skreiv De Sola òg på hebraisk, nederlandsk og tysk. I tida frå 1836 til 1845 bidrog han ofte til tidsskrifta Allgemeine Zeitung des Judenthums og Der Orient og han gav òg ut ein Biography of Ephraim Luzzatto og ein Biography of Distinguished Israelites in England på tysk. Det mest sentrale verket hans på nederlandsk var hans Biography of Isaac Samuel Reggio som vart utgjeven på nederlandsk i 1855 og seinare omsett til engelsk.

[endre] Kjelder

Personlege verktøy