Danmark - Safon.org

Danmark

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Kongeriget Danmark
Det danske flagget
Det danske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonale motto: Ikkje noko
Dronninga sitt valspråk: «Guds hjælp, folkets kærlighed, Danmarks styrke».
Geografisk plassering av Danmark
Offisielle språk Dansk
Hovudstad København
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Dronning Margrethe II av Danmark
Anders Fogh Rasmussen
Flatevidd
 - Totalt
 - Andel vatn
 
43 094 km² (134.)
1,6 %
Folketal
 - Estimert (2007)
 - Folketeljing (—)
 - Tettleik
 
5 447 084 (108.)

128,48/km² (62.)
Sjølvstende
i forhistorisk tid.
BNP
  - Totalt (2005)
  - Per innbyggjar
 
187,721 mrd. USD (44.)
34 718 USD (6.)
Valuta Danske kroner
Tidssone UTC +1
Nasjonalsong Der er et yndigt land
Nasjonaldag 5. juni
Internasjonal telefonkode +45
Nasjonale toppdomene .da

Kongeriket Danmark er eit land i Nord-Europa som i tillegg omfattar to sjølvstyrte område, øygruppa Færøyane, i Nord-Atlanterhavet; og øya Grønland, i Nord-Amerika.

Geografisk utgjer Danmark halvøya Jylland og 443 namngjevne øyar. 76 av øyane er busette. Landet ligg i Skandinavia og Norden med havet som nabo, Austersjøen og Nordsjøen, med Tyskland som den sørlege grensa for Jylland. Dei to største øyane er Sjælland og Fyn. Hovudstaden København ligg på Sjælland. Sambandet til Sverige med Øresundssambandet går via Amager.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Ein kjenner ikkje opphavet til Danmark, ettersom folkesetnaden og landet kom til før historisk tid. Landet kan ha vore ein union av svenske stammar.

[endre] Politikk

Den danske monarken er for tida dronning Margrethe II av Danmark. Sjå òg danske monarkar for ei opplisting av danske regentar og monarkar gjenom tidene. Danmark blir styrt av den utøvande makta, regjeringa. Leiar for regjeringa er statsministeren. For tida er Anders Fogh Rasmussen statsminister. Den lovgjevande makta er Folketinget. Styreforma er parlamentarisme.

Det bur kring 5,5 millionar menneske i Danmark; mesta ein fjerdedel av dei bur i hovudstaden København.

Dansk er det hovudspråket i Danmark. Dansk hører til den nordiske undergruppa av den germanske språkgruppa. Dansk har mange dialektar som tydeleg viser kva del av landet personen kjem frå. Riksdansk er det offisielt anerkjente danske språket som blir bruka i fjernsyn, radio og i undervisning. Vidare blir det tala færøysk, grønlandsk, tyrkisk og tysk. Engelsk og tysk er dei viktigaste framandspråka.

Danmark er administrativt inndelt i 5 regionar og 98 kommunar. I tillegg er Færøyane og Grønland ein del av kongeriget Danmark. Desse er begge sjølvstyrte einingar.

[endre] Dei største byområda i Danmark etter innbyggjartal i 2003

  1. Københavnsområdet - 1 085 813
  2. Århus - 222 559
  3. Odense - 145 374
  4. Aalborg - 121 100
  5. Esbjerg - 72 613
  6. Randers - 55 897
  7. Kolding - 54 526
  8. Vejle - 49 782
  9. Horsens - 49 457
  10. Roskilde - 43 753
  11. Greve Strand - 41 509
  12. Næstved - 40 147
  13. Silkeborg - 38 111
  14. Fredericia - 36 819
  15. Hørsholm - 36 001
  16. Helsingør - 34 906
  17. Køge - 33 487
  18. Viborg - 33 203
  19. Holstebro - 31 805
  20. Slagelse - 31 674
  21. Taastrup - 30 982
  22. Herning - 29 871
  23. Hillerød - 28 143
  24. Svendborg - 27 512
  25. Sønderborg - 26 865
  26. Hjørring - 24 724
  27. Frederikshavn - 24 309
  28. Holbæk - 24 081
  29. Haderslev - 20 982
  30. Skive - 20 723
  31. Ishøj Strand - 19 424

Kjelde: Danmarks Statistik.

[endre] Geografi

[endre] Høgdeskilnader

Lågaste punktet i Danmark er Lammefjord med -7,5 m. Høgaste punktet er Møllehøj på Jylland med 170,86 moh. Andre høgdedrag er Yding Skovhøj med 170,77 moh og Ejer Bavnehøj med 170,35 moh.

[endre] Klima

Klimatisk kan ein mesta sjå på Danmark som ei øy med vatn på alle kantar. Ein kan rekne med litt nedbør med nokre dagars mellomrom, men sjeldan er det snakk om dei heilt store mengdene. Lågtrykk går inn i Nordsjøen og gjev innimellom kraftig vind på vestkysten av Jylland om hausten og vinteren, og innimellom kan iskald luft frå Arktis eller Sibir gje minusgradar i heile landet sjølv på dagtid. Danmark har ikkje dei store landmassane rundt seg som nabolanda i sør har og får derfor sjeldan like høge temperaturar på sommarstid som desse landa. Sjølv klåre og fine sommardagar byd dermed på fine temperaturar utan at det blir ubehageleg varmt. Dei kraftigaste regnbygene kan ein vente seg seint på sommaren og tidleg på hausten, og torevêr er ikkje heilt uvanleg på denne tida. Frå slutten av oktober begynner det å bli overskya og mørkt.

[endre] Kultur

Den mest kjente dansken er truleg forfattaren H.C. Andersen. Han er mest kjent for eventyra sine. Av eventyr kan nemnast «Keiserens nye klær» og «Den grimme ælling».

Andre kjente danskar er filosofen Søren Kierkegaard og fysikaren Niels Bohr.

[endre] Internasjonal pressefridom

[endre] Sjå òg

[endre] Lenkjer

[endre] Kjelder

Mal:EU-EØS Mal:NATO Mal:Schengen-landa


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy