Dagleg bøn i bahá’í-trua - Safon.org

Dagleg bøn i bahá’í-trua

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Bahá’í
Personar
Ali Muhammad Shirazi
(«Báb»)

Bahá’u’lláh
Abdu’l-Bahá
Shoghi Effendi
Skrifter
Kitáb-i-Aqdas
Kitáb-i-Iqan
Livsførsel
kalender
fastemånaden
dagleg bøn
huqu’u’llah (religiøs skatt)
syn på rusmiddel
paktsbrytarar
(bannlyste)
ekteskap
gravferd
Heilage stader
Qiblih
Haifa - Shiraz
Baghdad
gudshus
Andre retningar
babisme - ortodoksi

Bahá’íar må, i følgje Bahá’u’lláh, seie minst éin av tre openberra obligatoriske bøner (salāt på arabisk).

Innhaldsliste

[endre] Historie

I boka Kitáb-i-Aqdas pålegg Bahá’u’lláh bahá’í-lova om ei obligatorisk dagleg bøn som blir lesen av kvar bahá’í åleine. I Kitáb-i-Aqdas skriv han òg at den obligatoriske bøna fanst nedskriven på ein anna tavle. Tavla som inneheldt denne obligatoriske bøna vart ikkje frigjeven til bahá’íane i Bahá’u’lláh sine dagar, og denne bøna vart utbytt med tre obligatoriske bøner av Bahá’u’lláh. Etter at Bahá’u’lláh dødde vart teksten åt den opphavlege bøna stolen av Mírzá Muhammad `Alí.

[endre] Noverande obligatoriske bøner

Det finst tre obligatoriske bønealternativ, og bahá’íar må utføre eitt av dei kvar dag.

[endre] Kort obligatorisk bøn

Dette kortaste av dei tre obligatoriske bønealternativa må lesast éin gong mellom midt på dagen og solnedgang.

Eg ber vitnesbyrd, o min Gud, på at Du har skapt meg for å kjenne Deg og tilbede Deg. Eg vitnar, her og no — om mi maktesløyse og Di makt; om min fattigdom og Din rikdom. Det finst ingen annan Gud enn Deg; Hjelparen i fare, den Sjølv-Oppberande.” (Bahá'u'lláh, Prayers and Meditations by Bahá'u'lláh, p. 313 [1])

[endre] Mellomlang obligatorisk bøn

Den mellomlange obligatoriske bøna må seiast tre gonger i løpet av dagen:

  1. Ein gong mellom soloppgang og midt på dagen;
  2. ein gong mellom midt på dagen og solnedgang; og
  3. ein gang mellom solnedgang og to timar etter solnedgang.

Teksten til den mellomlange obligatoriske bøna finst her.

[endre] Lang obligatorisk bøn

Den lange obligatoriske bøna kan lesast kva tid som helst i løpet av dagen. Teksten til den lange obligatoriske bøna finst her.

[endre] Lover om obligatorisk bøn

Det finst ei rekkje lover og skikkar i samband med dei obligatoriske bønene — om korleis ein les den obligatoriske bøna, om kva tid bahá’íar er fritekne frå bønekravet, og om kva bahá’íar skal gjera om dei går glipp av ei obligatorisk bøn.

[endre] Praksis i samband med obligatorisk bøn

Det finst visse praksisar som er pålagde i samband med lesinga av dei obligatoriske bønene. Desse inkluderer:

  • Ablusjonar, som består av vasking av hendene og ansiktet, må gjerast føre den obligatoriske bøna.
  • Om vatn ikkje er tilgjengeleg, eller om vatnet som finst tilgjengeleg vil vera skadeleg for ansiktet eller hendene, les ein verset “I Guds Namn, den Reinaste, den Reinaste” fem gonger.
  • Bøna må seiast åleine.
  • Når ein les bøna, må ein vera vendt i retning Qiblih, som er Bahá’u’lláh-mausoleet ved Haifa i det nordlege Israel.
  • Det er best om ein står oppreist og bed den obligatoriske bøna med audmjukt og ærbødig sinn.

[endre] Unntak frå kravet om obligatorisk bøn

  • Born under 15 år treng ikkje seie dei obligatoriske bønene.
  • Sjuke treng ikkje å utføre pliktene i samband med obligatorisk bøn.
  • Dei som er over 70 treng ikkje seie dei obligatoriske bønene.
  • Kvinner som menstruerer er fritekne frå å seie dei obligatoriske bønene. I staden bør dei utføre ablusjonane og taka opp att verset “Ære vere Gud, Herren av Glorie og Venleik” 95 gonger.
  • Reisande som ikkje kan finne ein trygg stad å seie bøna si er ikkje pålagde å seie dei obligatoriske bønene.

[endre] Kompensasjonsrituale

  • Den som har gått glipp av éi eller fleire obligatoriske bøner kan gjera ein enkel prostrasjon (lene panna mot ei kva som helst rein overflate) i staden for kvar usagt obligatorisk bøn. Prostrasjonane skal utførast mens ein les verset “Ære vere Gud, Herren av Makt og Majestet, av Nåde og Rikdomsgåver.” Etter prostrasjonane les ein verset “Ære vere Gud, Herren over rika på jorda og i himmelen” 18 gonger medan ein sit med kryssa bein.

[endre] Kjelder

[endre] Lenkjer


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Obligatory Bahá'í prayers from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy