Damal Krishnaswamy Pattammal
Frå Safon.org
Damal Krishnaswamy Pattammal (tamil தமள் கிருஷ்ணசுவாமி பட்டம்மாள், f. 1919), best kjent under forkortingane DKP eller DK Pattammal, er ei av dei mest populære og respekterte songarinnene i karnatisk musikk. Ho og dei to samtidige Madurai Shanmukhavadivu Subbulakshmi og M.L. Vasanthakumari blir ofte kalla «den kvinnelege treeininga i karnatisk musikk».
Damal Krishnaswamy Pattammal vart fødd den 28. mars 1919 i Kanchipuram i Tamil Nadu av foreldra Damal Krishnaswamy Dikshitar og Rajammal. 14 år gammal heldt ho den første konserten sin i Mahila Samaj i Egmore. Ho vart snart kjent, og musikkarrieren hennar har vara i over 65 år.
Innhaldsliste |
[endre] Utøvaren Pattammal
[endre] Stemmetype og disiplin
Pattammal har ein fyldig stemme i djup alt/høg tenor-leiet. Dei uvanlege musikalske evnene hennar inkluderer ein overveldande stemmeteknikk, kompromisslaust fokus på presis intonasjon og rytme og ein svært tydeleg diksjon. Framføringane hennar av sjlokaer og viruttamar (dikt sungne på improvisert vis utan rytmisk akkompagnement) er svært kjenslerike. Ho blir rekna som ein svært disiplinert musikar; som barn vakna ho føre daggry og øvde i timesvis, og gjennom heile karrieren har ho planlagt konsertprogramma sine vekevis på førehand og øvd grundig og målretta.
[endre] Første brahminske kvinne i faget sitt
Med Patammal sitt nette veremåte og audmjuke natur er det ikkje lett å sjå henne for seg som revolusjonær — men ho revolusjonerte faktisk den karnatiske musikken på eit par område. Ho var den første brahminske kvinna til å framføre karnatisk musikk offentleg, både på scena og gjennom kringkasting. Brahminarar hører til den høgste kasten i det indiske kastesystemet, og fram til 1930-åra var det tabu for brahminske kvinner å opptre på ei scene.
[endre] Første kvinne til å framføre Ragam-Thanam-Pallavi
Pattammal var òg den første kvinna som framførte Ragam-Thanam-Pallavi på scena. Ragam-Thanam-Pallavi (eller Pallavi) er den vanskelegaste konsertmusikken i karnatisk musikk. Føre Pattammal var Pallavi rekna som ein mannleg disiplin. Pattammal tok ikkje berre eit djervt steg inn i Pallavi-songen, men ho framførte òg nokre svært kompliserte pallaviar i intrikate talamar (rytmiske modus) på imponerande nok vis til å oppnå respekt frå sine mannlege kollegaer. Difor blir ho ofte kalla Pallavi-Pattammal. I dag følgjer mange kvinner eksemplet hennar og framfører Ragam-Thanam-Pallavi som hovudnummeret i konsertane sine.
[endre] Eksponent for Muthuswami Dikshitar og Papanasam Sivan
Pattammal brakte fram i lyset mange komposisjonar av Muthuswami Dikshitar og Papanasam Sivan og gjorde dei populære. Når det gjeld musikken av Muthuswami Dikshitar, så blir ho sett på som ein hovudautoritet. Ho lærte autentiske versjonar av musikken hans frå Ambi Dikshitar (ein grandnevø av Dikshitar) og dommar T.L. Venkatrama Iyer.
[endre] Konsertverksamheit i India og utanlands
Pattammal har teke del i mange prosjekt over store deler av India så vel som i USA og andre land. Sjølv om ho har fått mange tilbod om å synge for filmar, har ho berre teke i mot dei tilboda som dreidde seg kring religiøse og patriotiske songar. Ho har gjort mange komposisjonar av Subrahmanya Bharati og andre patriotiske indiske komponistar populære.
[endre] Læraren Pattammal
Pattammal sin songstil har tiltrekt seg mange studentar. Fremst blant studentane hennar var den yngre bror hennar D.K. Jayaraman, som song saman med henne på talrike konsertar og som akkurat som Pattammal sjølv vart tildelt Sangeetha Kalanidhi-prisen i 1990. Nokre av dei andre studentane hennar er: Charumathi Ramachandran, Geetha Rajashekar og Nithyasree Mahadevan (som er barnebarnet åt Pattammal). Ho har òg undervist studentar frå fleire andre land.
[endre] Prisar
Pattammal har vorte tildelt mange prisar i løpet av karrieren sin. Dei viktigaste prisane hennar er:
- 1970 - Sangeetha Kalanidhi (rekna som den mest ærerike utmerkinga i karnatisk musikk).
- 1971 - Padma Bhushan frå den indiske regjeringa.
- 1998 - Padma Vibhushan, Indias nest høgste sivile utmerking.
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Damal_Krishnaswamy_Pattammal» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
