Codrero al horno
Frå Safon.org
|
Codrero al horno, eller omnsbakt lammebog, blir ofte ete på pesaḥ og rosj hasjaná av sefardím frå Balkan.
Ein tek ein lammebog med bein. Skjer ein del snitt (4–8) i kjøtet. Stikk inn eit oppskiva kvitløksfedd i kvart snitt. Gni inn kjøtet med ca 0,5 dl olivenolje med salt og svartpepar etter smak. Steik i steikeomnen ved 160 °C (hugs å ause krafta over kjøtet no og da) til kjøtet er gjennomsteikt.
