Christopher Hansteen
Frå Safon.org
Christopher Hansteen (fødd 26. september 1784 i Christiania, død 15. april 1873 i Christiania) var ein norsk astronom og matematikar. Han var professor i astronomi og anvendt matematikk ved «Det kongelige Frederiks Universitet i Christiania», no Universitetet i Oslo frå 1816 til 1861. Hansteen var ein sentral person i norsk og internasjonal vitskap på 1800-talet. Han redigerte almanakken i ei årrekkje, var medlem av tilsynskomitéen for mål og vekt og en komité for reorganisering av skulevesenet i Noreg. Som direktør for den geografiske oppmålinga tok han initiativ til kartlegginga av seglingsforholda langs norskekysten. Hansteen grunnla òg observatoriet ved universitetet i Oslo, som framleis ligg nedom Solli Plass i Oslo.
I løpet av den lange karrieren sin gjennomførte Hansteen fleire ekspedisjonar i og utanfor Noreg. Frå 1828 til 1830 deltok han i ein regjeringsstøtta ekspedisjon til det vestlege Sibir som blant anna hadde som mål å slå fast om jorda har ein eller to magnetiske aksar. Dette førte til utgjevinga av reiseskildringa Reise-Erinnerungen aus Sibirien (1854, norsk omsetting: Reiseerindringer, 1859), medan forskningsresultata vart publiserte i 1863 under tittelen Resultate magnetischer Beobachtungen. Hansteen påpeikte sambandet mellom jorda sitt magnetfelt og nordlyset, og han var tidleg ute med å skildre nordlysovalen.
Han deltok òg i arbeidet med Struves meridianboge. Eit krater på månen er oppkalla etter Christopher Hansteen. Han er avbilda på det norske frimerket NK903 (1984).
[endre] Lenkjer
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Christopher Hansteen» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
