Carl Friedrich Abel - Safon.org

Carl Friedrich Abel

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Carl Friedrich Abel i 1765.
Carl Friedrich Abel i 1765.

Carl Friedrich Abel (f. 22. desember 1723 i Köthen i Tyskland, d. 20. juni 1787 i London i England) var ein tysk bassgambist og komponist. Han er særleg kjent for komposisjonane sine for gambe (viola da gamba).

Innhaldsliste

[endre] Biografi

[endre] Barndom

Abel var fødd i Köthen som son av ein fiolinist og hoffmusikar der. Det blir sagt at han studerte under Johann Sebastian Bach i St. Thomasschule i Leizig, men dette finst det ikkje noko bevis for.

[endre] Dresden

I perioden 1748 til 1758 var Abel hoffmusikar i Dresden under leiing av A. Hasse.

[endre] London

Abel reiste så til England, der han i 1759 vart utnemnt til kammermusikar for dronning Charlotte. Han heldt ein konsert i London der han spela sine eigne komposisjonar på ulike instrument, inkludert det nyoppfunne instrumentet pentakord. I 1762 kom Johann Christian Bach, den ellevte sonen åt Johann Sebastian Bach, til London, og venskapen mellom honom og Abel førte kring 1764 eller 1765 til iverksettinga av den vidkjente konsertserien som seinare vart kjent som Bach- og Abel-konsertane. I ti år vart desse konsertane organiserte av den pensjonerte venezianske operasongarinna Mrs. Teresa Cornelys. Mrs. Cornelys sine «routs» og maskeradar i Carlysle House på Soho Square var rekna som høgaste mote. Frå 1775 stod ho ikkje lenger ansvarleg for denne konsertserien, som da fortsette utan henne. Da J.C. Bach døydde i 1782 fortsette Abel konsertserien utan suksess i eit års tid. Franz Joseph Haydn sin musikk vart først framført i England på desse konsertane.

Carl Friedrich Abel måla av Thomas Gainsborough i 1777.
Carl Friedrich Abel måla av Thomas Gainsborough i 1777.

[endre] Dei siste åra

Etter at konsertserien gjekk under, reiste Abel tilbake til Tyskland, men greidde ikkje å etablere seg att der og reiste difor til London att. Der var han framleis mykje etterspurd som musikar på ulike nye og gamle instrument, men han tok å drikke og framskunda truleg enden sin med det. Carl Friedrich Abel døydde under arme kår i London den 20. juni 1787.

Abel var den siste viktige gambespelaren på 1700-talet, og med honom forsvann gamben frå orkestermusikken, og snart òg som soloinstrument.

[endre] Verk

Abel skreiv mykje instrumentalmusikk — blant anna symfoniar, ouvertyrar, konsertar, sonatar og soloverk — og er særleg kjent for gambekomposisjonane sine. Stilistisk sett er Abel sin musikk tidleg klassisistisk, med tydeleg symmetrisk oppbygging og mykje bruk av satsforma menuett.

Blant verka hans kan nemnast:

  • Kleine Sinfonie, F-dur
  • Sonate nr. 1 for obo og klaver, C-Dur
  • Sonate nr. 2 for obo og klaver, F-Dur
  • Sonate nr. 3 for obo og klaver, D-Dur
  • Sonate nr. 4 for obo og klaver, B-Dur
  • Sonate for gambe solo, C-dur
  • Sonate for gambe solo, d-moll


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Carl Friedrich Abel» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Personlege verktøy