Camille Pissarro - Safon.org

Camille Pissarro

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Sjølvportrett (1873)
Sjølvportrett (1873)

Camille Pissarro (18301903) var ein fransk impresjonistisk kunstmålar av portugisarjødisk slekt.

Camille Pissarro vart fødd den 10. juli 1830 i Charlotte AmalieSt. Thomas i daverande Dansk Vestindia av foreldra Abraham Gabriel Pissarro, ein portugisarjøde frå Frankrike, og Rachel Manzano-Pomié, frå Den dominikanske republikken. Pissarro budde på St. Thomas til han var tolv år gammal, da han vart sendt til ein kostskule i Paris. Han vendte tilbake til St. Thomas for å få opplæring i forretninga åt faren. Under denne tida brukte han all fritida til teikning. I 1852 reiste han til Venezuela saman med den danske kunstnaren Fritz Melbye. I 1855 flytta han til Paris, der han studerte med den franske landskapsmålaren Jean-Baptiste Camille Corot.

Pissarro kom til å bli kjent som «impresjonismens far». Han måla bilde med fransk tematikk — særleg landskapsbilde, bilde av gardsarbeidarar og scener frå Montmartre. Han reiste så til Paris att for å undervise, og blant studentane hans kan nemnast Paul Cezanne og Paul Gauguin.

I mars 1893 sette parisgalleriet Durand-Ruel opp ei større utstilling med 46 av kunstverka åt Pissarro saman med 55 kunstverk av Antonio de La Gandara. Men mens kritikarane priste Gandara var dei tydeleg mindre entusiastiske over Pissarro sin kunst.

Camille Pissarro døydde i Éragny-sur-Epte12. eller 13. november 1903 og vart gravlagt på Père Lachaise-gravlunden i Paris.

I levetida si selde Pissarro berre nokre få av bilda sine. I ettertida har livsverket hans vorte sett mykje høgare, og føre 2005 er pissarrobilde vortne selde for kring 4 millionar amerikanske dollar.

[endre] Kjelder


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy