Safon.org:Hovudsida - Safon.org

Safon.org:Hovudsida

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

På grunn tå problem med serveroppdatering blir mange lenkjor frå Google og andre eksterne sidor vidaresendte til hovudsida akkurat no. Vi beklagar detta og håpar å få retta feilen snart.

fil:Seilende_nordlandsbaater_s.jpg
fil:Flintoe_Samisk_par_rein_s.jpg
fil:Vincent_van_Gogh-_The_Caravans_s.jpg
fil:Great_Synagogue_Plzen_CZ_s.png
fil:Willmette_how_s.png
fil:Golden_temple_s.png
fil:Stabkirche_Lom_s.png
fil:Mosquée_hassan_II_Casablanca_s.png
fil:Mahabodhitemple_s.png

Velkommen · Ordliste · Kort innføring · Spørsmål og svar · Samfunnshuset · Retningslinor · Populære sidor

Safon.org er ein nettressurs for kultur og miljø med skandinavisk kystkultur i vidaste tyding, inkludert minoritetskulturar, og kulturmøte som hovudreferanserammor. Kjeldetypane inkluderer artiklar, bøker, bilde og lenkjesamlingar. Safon.org har 2 273 artiklar så langt, og fleire er på veg. Du finn eit tilfeldig utval tå smakebitar frå dessa artiklane her på hovudsida kvar dag. Har du problem med skrifttekna, finn du tips om installering tå oppdaterte fontar og liknande her.

FAGSIDOR: ENGELSKHEBRAISKKROPPSØVINGKUNST OG HANDVERKMAT OG HELSEMATEMATIKKMUSIKKNATURFAGNORSKRELIGION OG LIVSSYNSAMFUNNSFAGSPANSKTYSK


I dag er det tisdag den 6. januar 2009. Den 6. januar er trettandedagen etter primstaven.  I jødedommen er det tanganít ngasará betebét (10. tebét-fasta) frå soloppgang til solnedgang.

Mat

Bimuelos er svært populær ḥanukkámat blant sefardím frå Balkan og mange andre stader. Ordet bimuelos, som òg kan bli skrive bumuelos, birmuelos, bermuelos, burmuelos eller bulemas, er djudíospanjol og heng saman med spansk «bunuelo»; i Tyrkia seier ein òg lokmas, og i Hellas λουκουμαδες (loukoumades).   Les meir …
Kva matvaror som er tillatne for pesaḥ (jødisk påske) varierer noko mellom olike jødiske gruppor. Det grunnleggande trekket som er felles for alle er at all ḥaméṣ — det vil seie syrna eller gjæra mat tå dei fem kornslaga (kveite, spelt, vanleg bygg, toradsbygg og rug — er forboden både å eiga og å eta alle dei sju eller åtte dagane pesaḥ varar. Dei fleste tradisjonelle asjkenazím, og i seinare hundreår mange europeiske sefardím òg, avstår frå å eta kitnijjót (belgvekstar, særleg i tørka tilstand) under pesaḥ på grunn tå at mjøl tå dessa belgvekstane (slik som ertermjøl) kan komma til å bli forveksla med mjøl tå dei fem kornslaga. Meiningane om ris er delte. Dei fleste sefardím et ris under pesaḥ, men asjkenazím reknar ris til kitnijjót, som dei avstår frå å eta.   Les meir …
Norsk klippfiskmuseum ligg i Kristiansund og er etablert som ein del tå Nordmøre Museum. Museet held til i Milnbrygga, ei autentisk kleppfiskbryggje frå midt på 1700-talet. Museet viser korleis kleppfiskproduksjonen har føregått i Noreg gjønom meir enn 250 år. Til bryggja hører kleppfiskberg og vaskeplass for fisk. Anlegget ligg sentralt ved hamna, midt i bybildet i Kristiansund. Kvart år blir det arrangert bacalaofestival der der firma og kleppfiskentusiastar konkurrerer om å laga den beste bacalaoen. På norsk blir ordet bacalao bruka om ein gryterett tå kleppfisk.   Les meir …
Samōsā (hindī समोसा [sɐ'mo:sɑ:], marāṭhī सामोसा [sɑ:'mo:sɑ:]) er ein indisk matrett som består tå trekanta frityrsteikte porsjonspaiar med grønsaks- eller kjøttfyll, særleg med potet, løk og erter. Retten oppstod truleg i Uttar Pradesh og er no vanleg i India, Pakistan, Burma og nordetter til Uzbekistan. I tillegg kjenner ein han i andre land med indiske eller pakistanske innvandrarmiljø.   Les meir …
Sjeḥitá (hebr. שְׁחִיטָה [šəḥī'ṭā]) eller schächting (gj. tysk frå jid. שׁעכטן shechtn) vil seie slakting etter jødiske religiøse forskrifter og blir normalt utført tå ein spesialutdana sjoḥét. Slaktemåten er omlag den same som dhabiḫa (muslimsk ḥalāl-slakting); og i tillegg er dette om lag same slaktemetode som ein finn blant tradisjonelle reindriftssamar og i noka mon òg mellom tradisjonelle norske bønder og småbrukarar. Dette er såleis ein tradisjon med djupe røter i skandinavisk kultur heller enn eit framandelement her til lands.   Les meir …
Sāg panīr (hindī साग पनीर [sāg panīr]) er ein nordindisk matrett som består tå panīr (osalta ferskost), spinat og andre grøne blad (t.d. bukkehornskløver eller sennepsblad) i karrisaus. Sāg panīr kan òg innehalde spinat som einaste grøne bladtype, men blir da ofte meir presist kalla pālak panīr.   Les meir …

 

Personar

Abraham Geiger (18101874) var ein tysk-asjkenazisk rabbinar og religionshistorikar med jødedom og islām som hovudfelt som var ein tå leiarane i etableringa tå den tyske reformjødedommen. Han arbeidde for å fjerne alle nasjonalistiske elementa — og da særleg trua på at jødane er det utvalte folket. Han la elles vekt på at jødedommen er ei religion i utvikling og endring.   Les meir …
Abrahám ben Sjemuél Abulafia (f. 1240; d. etter 1291, truleg på Malta) var ein tå dei første kabbalistane. Han vart fødd i Spania og studerte skriftene ått Mosjé ben Maimón og Hillél. I tjueårsalderen la han ut på eit liv i vandring. Den første profetiske boka si, Sefer hajjasjár (‘Den rettvises bok’) skreiv han i Patras i det noverande Hellas i 1279. Abrahám Abulafia drømte om å viske ut skilnadene mellom jødedommen, kristendommen og islam. Året etter følgde han ei indre stemme og la ut på reise til Roma for å omvende pave Nicholaus III.   Les meir …
Jon Olsen Mogrinden (17941853), mest kjent som Jó Gri’nn, var ein spelemann og skreddar frå Kvenna (oftast skrive «Kvanne») i Stangvik i noverande Surnadal kommuneNordmør. Han var kjent som ein tå dei fremste spelemennene på Nordmør i si tid.   Les meir …
Leví ben Geresjón (12881344), òg kjent som Gersonides eller RaLBaG, var ein fransk-jødisk filosof, ekseget, matematikar og lækjar. Han vart fødd i Bagnols i 1288 og døydde 20. april 1344. Abraham Zacuto (Séfer Juḥasín, ed. Filipowski, s. 224) hevdar at Lēví døydde i Perpignan i 1370, men den nøyaktige dødsdatoen hans er fastsett til 20. april 1344Petrus av Alexandria, som i 1345 omsette eit notat tå Leví om konjunksjonen melom Saturn og Jupiter (sjå Steinschneider i Hebr.Bibl. vii. 83-84). «Gersjuní», den hebraiske parallellen til «Gersonides», vart først bruka om Leví ben Geresjón tå David Messer Leon (kring 1500).   Les meir …
Ludwig van Beethoven (ca 16. desember 177026. mars 1827) var ein tysk komponist i overgangen mellom klassisismen og romantikken. Han er særleg kjent for dei ni symfoniane og klaversonatane sine, men òg blant anna for dei seine strykekvartettane, som ofte går under kallenamnet «Dei galne strykekvartettane». Beethoven blir rekna som ein tå dei aller største komponistane i den europeiske klassiske musikktradisjonen gjønom tidene.   Les meir …
Ole Bornemann Bull (5. februar 181017. august 1880) var ein verdskjent fiolinist og komponist i romantikken. Gjønom ei otilslørt interesse for norsk folkemusikk spela han ei sentral rolle da eit eige norsk kulturbilde skulle byggjast opp i tida etter unionsoppløysinga frå Danmark. Ole Bull var fødd på Svaneapoteket i Bergen, der faren hans var apotekar. Familien hade òg ein eigedom på ValestrandsfossenOsterøy. Her var Ole Bull fast kvar sommar frå han var liten gut, og det var her han vart interessert i norsk folkemusikk. Allereie som tiåring var Bull ein framståande fiolinist. I tjueårsalderen vart han rekna som ein tå dei store europeiske virtuosane, og da han var i 30-åra gjorde han det stort som artist i Nord-Amerika, der han bruka å halde til om vintrane.   Les meir …

 

Kystkultur

Magnetisk deviasjon er det avviket ein må justere for i kompasskursen om bord på ein båt, eit skip eller eit luftfartøy som kjem frå magnetismen i sjølve fartøyet. Deviasjonen kan ha positivt eller negativt fortekn. Han vil òg endre seg i etter kursen til fartøyet, slik at det må settast opp ein tabell (eller kurve) som viser deviasjonen for olike retningar.   Les meir …
Ein jakobsstav (vanleg namn i samband med navigasjon) eller ein radius astronomicus (som måleinstrument i samband med astronomi) er eit enkelt måleinstrument som blir bruka til å måle vinkelavstanden mellom to objekt. I samband med navigasjon galdt detta i all hovudsak måling tå høgda til sola eller polarstjerna over horisonten. Andre namn på jakobsstaven inkluderer gradboge og baculus Jacob. Den opprinnelege jakobsstaven vart utvikla som ein enkel reiskap med éin tverrstav på 1300-talet og vart bruka til å gjera astronomiske målingar. Jakobsstaven vart først skildra tå den jødiske matematikaren, astronomen og filosofen Leví ben Geresjón («Gersonides»).   Les meir …
SS «Statsraad Lehmkuhl» er Bergen sitt skuleskip. Seglskipet vart bygd tå Joh.C. Tecklenborg i Geestemünde i Bremerhaven i 1914 under namnet «Grossherzog Friedrich August» som skuleskip for den tyske handelsflåten. Etter første verdskrigen vart skipet teke tå Storbritannia som krigserstatning. I 1921 vart skipet kjøpt tå Norges Rederforbund på initiativ frå tidlegare statsråd Kristofer Lehmkuhl. Skipet vart da oppkalla etter Lehmkuhl.   Les meir …
Sildball (lokal uttale sillbaill) eller sildeball er ein matrett som hovudsakleg blir bruka kring Ytre Nordmør og Fosen, men som òg blir noko bruka elles i Midt-Noreg. Hovudingrediensane i sildball er sild (fersk sild eller spekesild), potet, løk og mjøl (oftast byggmjøl). Ingrediensane blir samanmalne til ein tjukk farse som så blir forma til kulor med ca 5–8 cm diameter og koka — ofte saman med kålrabi og gulrøter — til dei flyt opp.   Les meir …
Ein skonnert er eit sneiseglrigga seglskip med minst to mastrer. Dei tomastra skonnertane skil seg ut frå galeasar ved å ha stormastra som aktermaster. Skonnerten som skipstype vart utvikla på 1600-talet. Dei to- og tremastra skonnertane skil seg ut frå briggar og barkskip ved at stormastra primært er sneiseglrigga. Skonnerten kan seiast å representere overgangen frå råsegl til gaffelsegl.   Les meir …
Sunnmørsbåt er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmør og tildels Romsdal. Som havbåt var han i bruk fram til om lag 1880. Mindre båtar vart bygde inn på 1900-talet. Sunnmørsbåtane er klinkbygde og har både årar og segl. Dei er særleg kjennetekna tå skroget, som er snidbetna, og lårseglet. Dei eldste fysiske spora etter sunnmørsbåten har vore å finne på gamle hus – på naust, løer og andre uthus. Båtmaterialane har vorte bruka på nytt etter at båten ikkje lenger kunne brukast på sjøen. Rekonstruksjon og oppmåling tå båtdeler viser lita endring i byggjemåte og skrogform fram mot dei siste båtane som vart bygde. Båtbord og innved frå gamle hus har vorte bruka til å byggje oppatt båtar.   Les meir …

Musikk

Antônio Carlos Gomes (18361896) var ein brasiliansk komponist som blir rekna som den mest framtredande operakomponisten i Sør-Amerika. Komposisjonsstilen hans var sterkt prega tå den italienske stilen. Antônio Carlos Gomes vart fødd den 11. juli 1836 i landsbyen São Carlos (den noverande storbyen Campinas) i det sørlege Brasil som son tå dirigenten Manuel José Gomes og Fabiana Maria Jaguari Cardoso. Faren gav han den første musikkundervisninga. Seinare studerte han først musikk ved musikkonservatoriet i Rio de Janeiro, og så med Lauro Rossi i Milano i Italia.   Les meir …
Bhangṛā (gurmukhī ਭੰਗੜਾ, sjahmukhī بھنگڑا, [ˌpɐŋgɽɑː]), ofte kalla pandjābīpop, er ei livleg danse- og musikkform som oppstod i Pandjāb i India og Pakistan. Bhangṛā er tradisjonelt sett ein folkedans og ikkje ei musikkform, men fram mot slutten tå 1900-talet har tydinga gått meir og meir over til å referere til både ein musikkgenre og ein dans. Bhangṛāen har eit sterkt rytmisk driv og slaginstrumenta spelar ei sentral rolle.   Les meir …
Laila Marie Yrvum er ein songar, musikar og tradisjonsinnsamlar tå romanislekt frå Tynset og Alvdal i Nord-Østerdalen og med røter frå Nordmør. Laila Yrvum blir rekna blant dei viktigaste formidlarane tå romanifolket sin kultur i Noreg i dag. Laila har budd mykje på Raufoss, men er i dag busett på Moss i Østfold.   Les meir …
Magnhild Havdal Almhjell (18941985) var ein norsk folkemusikkutøvar frå TingvollNordmør. Magnhild Havdal vart fødd den 11. juni 1894 i Oppigarden i Havdalen inst i Tingvoll kommune på Nordmør. Mora, Karen Havdal, dødde i 1895, berre 23 år gammel. Etter at Magnhild miste mor si, voks ho opp med besteforeldra på Havdal. Ho fekk mykje tradisjonsstoff frå morfaren, Kristoffer Knutson Havdal (18221912), og tå mormora, Magnhild Eriksdotter Havdal, f. Valset (Ålvundeid) (18411942), lærte ho mange gamle tonar. Mormora vaks opp hos far sin, Erik Larsson, f. Brandstad.   Les meir …

 

Kunst og handverk

Esnogaen i Amsterdam frå 1639 var den første felles portugisarjødiske synagogen i Amsterdam. Tidleg på 1600-talet opna dei spanske og portugisiske jødane i Amsterdam tre synagogar i jødekvarteret på Vloonburg-øya i Amsterdam — Beth Jacob (ca1602/1610), Neve Shalom (spanske jødar, ca 1608/1612) og Beth Israel (1618). Dessa tre meinigheitene samarbeidde mykje frå 1622 av, og i 1639 vart dei samanslegne under det noverande namnet Talmud Torah. Ein bygde da om to hus ved den daverande Houtgracht til ein felles synagoge.   Les meir …
Aure kirkje er ei korskirkje tå tre som vart innvigd i 1727. Kirkja, som ligg på ei lita høgd nede ved Aursundet i Aure sentrum i Aure kommuneNordmør, er soknekirkje for Aure sokn og hovudkirkje for Aure prestegjeld i Ytre Nordmør prostiMøre bispedømme.   Les meir …
SS «Statsraad Lehmkuhl» er Bergen sitt skuleskip. Seglskipet vart bygd tå Joh.C. Tecklenborg i Geestemünde i Bremerhaven i 1914 under namnet «Grossherzog Friedrich August» som skuleskip for den tyske handelsflåten. Etter første verdskrigen vart skipet teke tå Storbritannia som krigserstatning. I 1921 vart skipet kjøpt tå Norges Rederforbund på initiativ frå tidlegare statsråd Kristofer Lehmkuhl. Skipet vart da oppkalla etter Lehmkuhl.   Les meir …
Ei stavkirkje er ei kirkje bygd tå tre med ein berande konstruksjon tå loddrette stavar (stolpar) som står på liggjande sviller eller syllstokkar og ber stavleie. Dei konstruktive ledda i veggen danar rammer med ei utfylling tå standande plankar eller tiler. Stavane har gjeve namn til kirkjetypen. I vår tid blir stavkirkjone rekna for å vera blant dei viktigaste representantane for europeisk mellomalderarkitektur i tre og er representerte ved Urnes stavkirkjeUNESCO si liste over verdsarven. I mellomalderen var det truleg over 1000 stavkirkjor i Norge (nokre meiner det kan ha vore så mange som opp mot 2000 kirkjor.), men dei fleste forsvann i tida 13501650, truleg som følgje tå endra behov etter svartedauen og reformasjonen. I 1650 var det kring 270 stavkirkjor att, og i neste hundreårsperiode forsvann 136 tå dessa. I dag finst det berre att 28 tå dei gamle stavkirkjone i Noreg.   Les meir …

 

Populære sidor

  1. Synagoge ‎(4 021 visingar)
  2. Jødedom ‎(3 559 visingar)
  3. Jiddisch-norsk ordbok - P ‎(3 256 visingar)
  4. Portugisarjødar ‎(2 970 visingar)
  5. Geitbåt ‎(2 720 visingar)
  6. Islām ‎(2 447 visingar)
  7. Jiddisch-norsk ordbok - A ‎(2 257 visingar)
  8. Pesaḥ ‎(1 918 visingar)
  9. Sikhisme ‎(1 917 visingar)
  10. Kva er ein synagoge ‎(1 630 visingar)
  11. Buddhisme ‎(1 581 visingar)
  12. Indisk mat ‎(1 498 visingar)
  13. Det osmanske riket ‎(1 476 visingar)
  14. Ḥanukká ‎(1 419 visingar)
  15. Generelt om jødedom ‎(1 412 visingar)
  16. Regina Jonas ‎(1 349 visingar)
  17. Jødisk mat ‎(1 343 visingar)
  18. Synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim ‎(1 297 visingar)
  19. Hinduisme ‎(1 284 visingar)
  20. Sjabungót ‎(1 284 visingar)
  21. Tallét ‎(1 254 visingar)
  22. Sefer ‎(1 245 visingar)
  23. Nordmør ‎(1 242 visingar)
  24. Ḥasidisk jødedom ‎(1 238 visingar)
  25. Bahá’ítru ‎(1 214 visingar)
  26. Jødekakor ‎(1 199 visingar)
  27. Sjabbát ‎(1 174 visingar)
  28. Romanifolk ‎(1 169 visingar)
  29. Jiddisch-norsk ordbok ‎(1 142 visingar)
  30. Oktant ‎(1 127 visingar)
  31. Fjording ‎(1 095 visingar)
  32. Draft ‎(1 066 visingar)
  33. Samar ‎(1 065 visingar)
  34. Hemne prestegjeld ‎(1 050 visingar)
  35. Hebraisk ‎(1 022 visingar)
  36. Veiholmen ‎(1 018 visingar)
  37. Religion ‎(1 005 visingar)
  38. Ortodoks jødedom ‎(997 visingar)
  39. Borecas ‎(992 visingar)
  40. Bacalao ‎(971 visingar)
  41. Sauehald ‎(963 visingar)
  42. Asjkenazím ‎(936 visingar)
  43. Kasjrút ‎(932 visingar)
  44. Jackie Tabick ‎(908 visingar)
  45. Jiddisch ‎(908 visingar)
  46. Haredyr ‎(906 visingar)
  47. Romsdaling ‎(902 visingar)
  48. Aasmund Olavsson Vinje ‎(901 visingar)
  49. Rekonstruksjonistisk jødedom ‎(892 visingar)
  50. Jødar ‎(865 visingar)
  51. Torá ‎(864 visingar)
  52. Harimandir Sāhib ‎(857 visingar)
  53. Sefardím ‎(836 visingar)
  54. Kultur ‎(834 visingar)
  55. Miljø ‎(825 visingar)
  56. Tørrfisk ‎(818 visingar)
  57. Jødestjerne ‎(809 visingar)
  58. Grindverk ‎(804 visingar)
  59. Sau ‎(801 visingar)
  60. Emanuel Mendez da Costa ‎(787 visingar)
  61. Kristendom ‎(787 visingar)
  62. Georg Friedrich Händel ‎(780 visingar)
  63. Israelitischer Tempel i Poolstraße i Hamborg ‎(774 visingar)
  64. Rommani ‎(774 visingar)
  65. Kohén ‎(772 visingar)
  66. Kleppfisk ‎(770 visingar)
  67. Sukkót ‎(769 visingar)
  68. Saltfiskball ‎(759 visingar)
  69. Lefse ‎(758 visingar)
  70. Tefillín ‎(752 visingar)
  71. Ḥaróset ‎(750 visingar)
  72. Mezuzá ‎(749 visingar)
  73. Jødisk fornying ‎(747 visingar)
  74. Hekhál ‎(745 visingar)
  75. Masorti jødedom ‎(744 visingar)
  76. Norsk-engelsk temaordliste ‎(726 visingar)
  77. Abraham Geiger ‎(723 visingar)
  78. Kollhuve ‎(723 visingar)
  79. Aasmund Olavsson Vinje: «Blåmann, Blåmann, bukken min» ‎(715 visingar)
  80. Al-Qur’ān ‎(715 visingar)
  81. Gurmukhī ‎(711 visingar)
  82. Tenákh ‎(707 visingar)
  83. Lårsegl ‎(706 visingar)
  84. Wilhelm Lund ‎(700 visingar)
  85. Hardangerjakt ‎(699 visingar)
  86. Wilh. Lund: «En røgstue paa Nordmøre» ‎(697 visingar)
  87. Harar ‎(695 visingar)
  88. Fosen ‎(694 visingar)
  89. Innersetra på Tustna ‎(681 visingar)
  90. St. Eystein kirkje i Kristiansund ‎(676 visingar)
  91. Gurū Nānak Dēv ‎(671 visingar)
  92. Pandjābī ‎(667 visingar)
  93. Skonnert ‎(657 visingar)
  94. Tingvoll kommune ‎(656 visingar)
  95. Ris ‎(655 visingar)
  96. Midt-Noreg ‎(653 visingar)
  97. Samōsā ‎(648 visingar)
  98. Leví ben Geresjón ‎(645 visingar)
  99. Jiddisch-norsk ordbok - J ‎(642 visingar)
  100. Kastiljansk ‎(641 visingar)

ਸੇਵਾ · DUGNAD · צדקה

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om musikk- og/eller kulturhistorie, skandinavisk kystkultur, religion/livssyn (inkludert bahá’ítru, buddhisme, islam, jødedom, sikhisme o.a.) eller urfolk og minoritetar (inkl. samar og reisande), og du godtek retningslinone, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle tå¨Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjelpe...

Andre wikiar

WIKIPEDIA: nynorsk · bokmål · svensk · dansk · færøysk · islandsk · nordsamisk · finsk · engelsk · jiddisch · nederlandsk · plattysk · tysk · djudíospanjol · fransk · kastiljansk · portugisisk · hebraisk

ANDRE: Farmasihistorie.com · Kunsthistorie.com · Lokalhistoriewiki.no



Personlege verktøy
På andre språk