Bronkiektasi
Frå Safon.org
Bronkiektasi er ein kronisk betennelsestilstand eller degenerativ tilstand i éin eller fleire bronkiar eller bronkiolar i lungene som blir kjenneteikna ved utviding av og tap av elastisitet i veggene. Dette fører til luftobstruksjon og svekka evne til å klare opp i sekresjon. Pasientar med bronkiektasiar produserer store mengder sputum (slim). Bronkiektasi blir gjerne rekna med blant dei ulike medisinske tilstandane som blir definerte som kronisk obstruktiv lungesjukdom.
|
[endre] Historie
Bronkiektasi vart først skildra av René Laënnec i 1819, og vart seinare skildra i meir detalj av Sir William Osler mot slutten av 1800-talet.
[endre] Diagnose
Diagnosen bronkiektasi blir stilt på grunnlag av klinisk historie som inkluderer dagleg produksjon av sputum og karakteristiske CT-scan-funn.
[endre] Behandling
Behandlinga av bronkiektasi har som mål å kontrollere infeksjonar og bronkial sekresjon, å redusere luftvegsobstruksjon og å unngå medisinske komplikasjonar. Dette inkluderer antibiotikabehandling av infeksjonar og reduksjon av væske gjennom lungedrenasje og bringefysioterapi.
[endre] Assosiasjonar
Bronkiektasiar er karakteristisk for mange ulike medisinske tilstandar — særleg primær ciliærdyskinesi (òg kalla Kartageners syndrom).
[endre] Kjelder
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Bronkiektasi» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
