Bokbåten Epos - Safon.org

Bokbåten Epos

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
MS «Epos» til kai i BergenFoto:Anders Larsen
MS «Epos» til kai i Bergen
Foto:Anders Larsen

Bokbåten Epos er ein båt som går som omreisande bibliotek for mindre stader langs kysten og inni fjordane i vestlandsfylka Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Drifta av bokbåten er eit samarbeid mellom fylkesbiblioteka i desse tre fylka og skjer frå MS «Epos». Båten hadde i 2005 126 driftsdagar og eit utlån på 53 000. Born og eldre er viktigaste brukargruppene for båtbiblioteket. Seinhausten 2007 var bokbåten truga av KrF, FrP og Høgre i Hordaland, som arbeidde for å legge ned dette viktige tiltaket for spreiing av kultur og lærdom i distrikta,[1] men KrF snudde i siste liten på grunn av massiv motstand, så bokbåten er trygg att foreløpig.[2]

Bibliotekbåtdrifta i Hordaland starta i 1959 frå fiskebåten «Abdullah», men det vart etter få år tydeleg at ein trong ein større og meir tenleg båt, og i 1963 vart MS «Epos» spesialbygd for å kunna gå som bibliotekbåt for Hordaland fylkeskommune. Allereie året etter vart Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal òg med i ordninga. Bokbåtbiblioteket har 20 000 bøker; av dei er det plass til 6000 i båten — resten er alltid utlånt eller utplassert på stoppestadene. Der er det eigne kontaktpersonar som arbeider som bindeledd mellom lånarane og biblioteket og som arbeider for å få rotasjon på bøkene mellom besøka av bokbåten på staden. Attåt bøker og lydbøker har båten med eit kulturprogram som for eksempel kan vera forfattarar som les frå bøkene sine, eller små teaterframsyningar.

MS «Epos» vart bygd i 1963 ved Oma Båtbyggeri i Strandebarm. Båten er 80 fot og kan ta med 100 passasjerar og har ein marsjfart på 17 knop. Han fekk nye motorar i 2004, ny innreiing i 2006 og er eigd av Vinnes Skyssbåtservice AS i Fusa.

Det er i vinterhalvåret Epos går som bibliotekbåt, resten av året blir han bruka som selskapsbåt, i turisttrafikk og annan skysstrafikk.

[endre] Fotnotar

  1. Sjå http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.4123869
  2. Sjå http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.4262466

[endre] Lenkjer


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Bokbåten Epos» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy