Bodin kirkje
Frå Safon.org
Bodin kirkje er soknekirkje for Bodin sokn i Bodø domprosti. Ho vart bygd kring 1240 og vart påbygd i 1785 med eit tverrskip. I 1894 vart heile mellomalderdelen av kirkja nedriven og oppbygd att i same stil. Kirkja har steinaltar frå 1300-talet og nokre treskulpturar frå seint 1400- eller tidleg 1500-tal. Kirkja er i dag prega av interiør frå 1600- og 1700-talet. Altartavla er frå 1670, preikestolen frå 1600-talet med måleri av evangelistane på trappa opp. Desse er måla i 1754 av Gottfried Ezechiel. Elles er det 3 lysekroner frå 1760-åra i kirkja.
Kirkja vart restaurert i 1964. I 2002/2003 vart store arbeid gjort i samband med at kirkja fekk nytt pipeorgel. Kirkja fekk nytt galleri og taket vart måla. I august 2003 vart det nye orgelet teke i bruk. Det er eit barokkorgel bygd i Tyskland og er ein kopi av eit orgel frå 1700-talet.
Det er gudsteneste i Bodin kirkje alle søndagar og heilagdagar. Årleg blir 40–50 par vigde i kirkja; ho har 50–60 gravferder, om lag 180 dåpar og 190 konfirmantar.
På motsett side av kirkjegarden ligg Salten krematorium med et religionsnøytralt seremonirom.
[endre] Lenkjer
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Bodin kyrkje» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. |
