Blintses - Safon.org

Blintses

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
I Nord-Amerika finst gjerne blintses i frysedisken i vanlege matvarebutikkar. Her ser vi nyoppvarma djupfryste blintses i steikjepanna. (Foto: «Andrevan»)
I Nord-Amerika finst gjerne blintses i frysedisken i vanlege matvarebutikkar. Her ser vi nyoppvarma djupfryste blintses i steikjepanna. (Foto: «Andrevan»)

Blintses er ein svært populær matrett mellom anna blant polske asjkenazím. Ein lagar ei lett pannekakerøre, lèt ho stå minst to timar, og steikjer tynne pannekaker som er steikte berre på eine sida. Når pannekakene er ferdige legg ein to–tre matskeier med fyll (sjå nedanfor) på den steikte sida av kvar pannekake rett nedom midten av pannekaka. Brett så andre halvparten over, brett inn sidene, og rull opp blintsa til ein liten, flatvoren sylinder.

Steik så dei fylte blintses på mellomvarm panne med ei aning smør. Pass på å begynna med «saumen» ned, og snu dei éin gong.

[endre] Fyll

Det finst mange typar fyll for blintses. Eit av dei vanlegaste er ostefyll — ei blanding av ferskost, eit egg, litt sukker og litt kanel eller raspa sitrusskal. (Osteblintses er populær mat for sjabungót i mange asjkenaziske familiar.) Ein kan òg fylle blintses med t.d. blåbær eller eplemos.

Personlege verktøy