Blandaball
Frå Safon.org
Blandaball (utt. ["bɽɑɲ:aˌbɑʎ:]), stundom skrive blainnabaill, er ein fiske- og potetrett frå Romsdal, Ytre Nordmør og Fosen. Hovudingrediensane i blandaballen er ferskfisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Ball, og særleg blandaball, er spesielt populær mat i Kristiansund, og byen blir ofte spøkefullt kalla Baillsund.
[endre] Variantar
I mange familiar er det vanleg å plassere feite av nitjefeitt (bitar av feitt frå mageområdet på sau) i sentrum av blandaballen. På grunn av at ikkje alle vil ha feite i ballen, er det vanleg at nokre ballar blir laga utan feite. Når det blir laga begge sortar, er det vanleg at ballane utan feite har avlang form. Denne typen ball blir kalla langball etter forma.
Ein variant utan kjøt er å erstatte nitjefeittet med småe terningar med smør.
[endre] Oppskrift
Kjem seinare.
[endre] Sjå òg
- potetball (inneheld ikkje fisk)
- saltfiskball (som blandaball, men laga med saltfisk)
- sildball (som blandaball, men med fersk eller salta sild heller enn kvit fisk som ingrediens)
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Blandaball» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
