Bjørk - Safon.org

Bjørk

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Fil:Bouleau.jpg
Bjørkeskog.

Bjørk (Betula sp.) er ei slekt i bjørkefamilien. Slekta har om lag 60 artar. Nokre av desse er vanlege lauvtre i Noreg, der vi finn bjørkeslag som dvergbjørk, fjellbjørk og hengebjørk.

Blada er mellom- til lysegrøne, og dei blir gule om hausten føre dei fell. Blomstrane sitt i raklar, og trea har oftast kvit bork. Allergi mot bjørkepollen er vanleg.

Innhaldsliste

[endre] Bruk

Ein bjørkestamme dominerer i «Våren», måla av Carl Larsson i 1907.
Ein bjørkestamme dominerer i «Våren», måla av Carl Larsson i 1907.

I Skandinavia blir nye skot hos bjørka gjerne sett på som eit symbol for våren, og det er vanleg å pynte med slike greiner på den norske grunnlovsdagen.

[endre] Som trevirke

Bjørkeved er middels tungt, hardt og seigt blant tresortane våre. Dei ulike bjørkesortane gjev temmeleg likt virke. Treet kan lett bli skadd av fukt, og må behandlast før det blir bruka ute. Virket er derimot godt eigna til å laga møblar, golv, finér og mindre ting av tre. Bjørk blir òg mykje bruka til å laga papirmasse og til fyringsved.

[endre] Never

Borken av bjørk blir kalla never og har mange tradisjonelle bruksområde. (Foto Olve Utne)
Borken av bjørk blir kalla never og har mange tradisjonelle bruksområde. (Foto Olve Utne)

[endre] I matlaging

Blada til bjørka kan nyttast som smakstilsetting både ferske og tørka, og dei kan brukast blant anna på potetar. Lauvet, som inneheld svært mykje glukose på våren, kan da nyttast til å laga ein søtleg og smakfull te.

Mange legg bjørkepinnar nedst i gryta når dei dampkokar pinnekjøt.

Søtstoffet xylitol blir gjerne utvunne av bjørkeved.

[endre] Lenkjer


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Bjørk» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy