Birkes
Frå Safon.org
Birkes eller birkesbrød, óg kalla barkis, bergis, berches, er loff av gjærdeig med egg. Birkesbrød er gjerne fletta og har oftast valmuefrø strødd over seg føre steikjing. I vest-asjkenazisk kultur brukar ein to birkesbrød som sjabbát-brød i samband med måltida på fredagskvelden og fram til móṣaé sjabbát etter solnedgang på laurdagskvelden.
I aust-asjkenazisk kultur kallar ein sjabbát-brøda challe. Challes er oftast laga av søtare og meir eggehaldig deig enn birkes, og aust-asjkenaziske jødar kallar gjerne birkesbrøda וואַסער־חַלּה [vasser-challe] (‘vass-challe’).
Innhaldsliste |
[endre] Om namna
Birkes er det vanlege namnet på dette brødet i København, i Göteborg seier ein helst bergis, og i Stockholm er den vanlegaste forma barkis. Alle desse namna er skandinaviske former av det vestjiddische ordet berches eller barches.
[endre] Oppskrift
- Lag gjærdeig for fire brød av kveitemjøl, vatn, matolje, gjær, litt sukker og salt og eventuelt eit egg. Lat deigen heve seg.
- Del deigen i tolv emne — tre for kvart brød. Rull kvart emne ut til ei lang pølse.
- For kvart brød, tak tre deigpølser og flett dei saman til eitt brød. Lat dei fire brøda heve seg på ein lun stad.
- Pensle brøda med eit lettpiska egg og strø valmuefrø over dei.
- Bak brøda nedst i omnen til dei er ferdige. Lat brøda avkjølast på rist under ein kopphandduk.
[endre] Servering
- For måltid på sjabbát, legg to heile brødleivar på eit fint fat på bordet der maten blir servert og dekk over dei med eit fint klede.
- Les Kiddúsj (signinga over vinen og sjabbát-dagen) over eit glass kasjér druevin eller druejuice. Drikk vinen/juicen.
- Vi vaskar så hendene, seier signinga for handvask etterpå og tørkar hendene.
- Tak bort kledet som dekte til brøda, løft begge brøda og sei hammoṣí-signinga. Bryt bitar av brødet og gjev kvar person som er til stades ein bit. Kvar person dyppar sin brødbit i litt salt (eller strør litt salt på brødbiten) og et han opp.
- Etter dette fortset vi med resten av måltidet.
- Når måltidet er over skyl vi fingertuppane med vatn, og vi les så Birkàt hammazón (takkebøna etter brødmåltid).
