Bimuelos - Safon.org

Bimuelos

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Ḥanukká

Ḥanukkijjá med menoráform i massing.

Historie:
Makkabearane
Makkabæingkampen (O.J. Høyem)
Ḥanná & sønene
Jehudít & Holofernes
Megillàt Antijjokhós

Ordet ḥanukká

Lystenning

Songar:
Hannerót hallálu
S: Hazeremos una merenda · Mi ze jemallél · Ocho candelicas
A: Channeke, oi channeke · Mangóz ṣur · Mi jemallél · O, ir kleine lichtelech · Sevivón

Klassisk musikk:
Händel: Judas Maccabæus

Mat:
S: bimuelos · borecas · semulepudding
A: latkes

Sufganijjót
Sufganijjót

Bimuelos er svært populær ḥanukkámat blant sefardím frå Balkan og mange andre stader. Ordet bimuelos, som òg kan bli skrive bumuelos, birmuelos, bermuelos, burmuelos eller bulemas, er djudíospanjol og heng saman med spansk «bunuelo»; i Tyrkia seier ein òg lokmas, og i Hellas λουκουμαδες (loukoumades). I Polen har bimuelos òg blitt bruka av asjkenazím. I denne nordlege utgåva blir det gjerne lagt i litt bringebærsyltetøy inni, og desse polsk-jødiske bimuelosane blir kalla pontshik. Det moderne hebraiske namnet er סוּפְגָנִיּוֹת (sufganijjót). Bimuelos er omtrent som småe berlinerbollar: Ein lagar ein laus gjærdeig, tek av deigen med ei skei (som ein dyppar i kaldvatn føre bruk) og slepp han oppi den kokande oljen. Dei ferdige bimueloane blir dyppa i lys sirup eller sukkerlake, eller ein strør melis over dei. Servér dei helst med ein gong.

Innhaldsliste

Om dei skal serverast seinare, lèt ein dei kjølne og legg dei så i ein tett boks; dypp dei i varm sirup rett føre servering. Variant: Mange lagar dei litt større, lagar deigen litt hardare og har litt syltetøy i midten.

[endre] Oppskrifter

[endre] Berlinerbollar

[endre] Med gjær

etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

Ingrediensar:

280 g  kveitemjøl
  1 ts sukker
  1    knivsodd salt
 80 g  smør
  2    egg
 40 g  gjær

bringebærsyltetøy

Framgangsmåte:

Manglar.

[endre] Med bakepulver

etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

Denne typen, som tradisjonelt ofte blir kalla smultbollar i Noreg, ligg svært nærme dei nederlandske oliebollen, men skil seg ut i gammaldags retning med mindre egg og krydder, og i moderne retning med å ha bakepulver i staden for gjær.

Ingrediensar:

 3 koppar kveitemjøl
 1 kopp   farin (sukker)
 1 kopp   fløyte
 1        egg
 1 ts     bakepulver
----
matolje
sukker


Framgangsmåte:

Bland alle ingrediensane; kok i matolje; rull dei ferdige bollane i sukker.

Personlege verktøy