Berít milá
Frå Safon.org
- Denne artikkelen handlar om omskjeringa og namngjevinga av jødiske gutar. For namngjevingsritualet for jødiske jenter, sjå zébed habbát.
Berít milá (hebr. בְּרִית מִילָה [bə'rīt mī'lā]), ofte kalla milá blant sefardím og briss blant asjkenazím, er namnet på omskjerings- og namngjevingsseremonien for jødiske gutar. Ein gjennomfører normalt berít milá på åttande dagen etter at ein jødisk gut blir fødd. Under denne seremonien får òg guten sitt jødiske namn.
Når ein gut eller mann konverterer til jødedommen, blir òg birkàt milá med omskjering gjennomført om den som konverterer ikkje allereie er omskoren. I dei falla der guten eller mannen er fødd omskoren eller allereie er omskoren, gjennomfører ein birkàt milá, men med hatafàt dam berít i staden for omskjering.
|
[endre] Fødsel og den første veka
[endre] Gratulasjonar
Når ein son blir fødd, er det skikk i dei fleste sefardiske tradisjonane å gratulere foreldra med «Síman tób!» eller «Besíman tób!» Blant asjkenazím er det vanlegare å seie «Mazzal tov!» (Blant sefardím er helsinga «mazzál tób» tradisjonelt reservert for nyfødde jenter.)
[endre] Meldado, sjemurá og taḥdid
Ein spesiell limmúd, eller studiekveld, med tekstar frå Toráen (Mosebøkene), Nebiím (Profetane), Tehillím (Davidssalmane) og rabbinske skrifter blir tradisjonelt halden blant spansk-portugisiske sefardím kvelden føre omskjeringa finn stad. Denne studiekvelden, såvel som tilsvarande studiekveldar føre andre merkedagar, blir tradisjonelt kalla meldado eller meldadura. (Dobrinsky 1988, s. 28)
Balkan-sefardím har ein liknande skikk: Dei kallar studiekvelden sjemurá, og tekstane inkluderer først og fremst delar av Zóhar. (Dobrinsky 1988, s. 20)
Både den spansk-portugisiske meldado og den balkansefardiske sjemurá har sitt opphav i vaking for å motverke demonar som ein trudde kunne vera til fare for den enno uomskorne guten. Særleg viktig har det vorte rekna å verne barnet mot demonen Lilít. I den marokkansk-sefardiske tradisjonen ser vi dette ekstra tydeleg: Kvar kveld i veka føre omskjeringa har ein tradisjonelt utført ein seremoni som blir kalla taḥdid: Ein les formlar til vern mot ngajin haráng (det vonde auga), og deretter syng ein pijjutím (songar). I rommet der barnet søv heng ein opp amulettar over senga og elles kring i rommet. Amulettane kan innehalde tekstar frå Davidssalme 126 og 121, namna på tre englar som blir sagt å verne barnet mot Lilít, referansar til profeten Élijjáhu sin siger over Lilít, teikningar av Lilít og/eller dei tre englane (SNWJ, SNSNWJ og SMNGLF), sirklar og liknande. Ofte kunne amulettane òg innehalde orda Adám, Ḥàva, ḥuṣ og Lilít, som kan omsetjast om lag som: «Adam og Eva [vil verne dette barnet]. Ut, Lilít!» Taḥdid-seremonien kan òg inkludere å gå kring i rommet der barnet søv om natta mens ein fektar i lufta med eit sverd (for å vise at ein er klar til å slåst mot demonar som måtte vera til stades) og resiterer ei spesiell bøn. (Dobrinsky 1988, s. 11–13)
[endre] Ngalijjàt bangal habberít
På første sjabbát etter fødselen eller på siste sjabbát føre omskjeringa (desse to er vanlegvis same dagen) er det vanleg at faren får ein ngalijjá under torálesinga i sjàḥarít (morgongudstenesta) i synagogen. Han blir kalla opp som «bangal habberít», eller ‘meister av pakta’, ettersom han er den som Toráen først og fremst har pålagt å omskjera sonen sin.
[endre] Omskjering
Omskjering inneber fjerning av heile eller deler av ngorlá — det vil seie forhuda på det mannlege kjønnsorganet.
Etter jødisk religion skal alle friske jødiske gutar omskjerast på den åttande dagen etter fødselen. Dette bodet står over helgedagsbodet, og ein frisk gut som fyller åtte dagar på sjabbát blir omskoren på sjabbát — og tilsvarande til og med på kippúr. Om anten den som skal utføre omskjeringa eller guten sin doktor meiner at guten ikkje er frisk, skal omskjeringa utsetjast til guten er frisk nok.
Ei utsett omskjering eller ei omskjering på grunn av konvertering er ikkje tidsbunden slik som vanlege omskjeringar på den åttande dagen er. Dermed er det ikkje tillate å legge ei slik omskjering til sjabbát eller andre jødiske helgedagar. Marokkanske sefardím seier òg at ein skal unngå ikkje-tidsbundne omskjeringar på torsdagar, ettersom ubehaget etter inngrepet blir sagt å vera verst på tredje dagen, og ein skal unngå unødig øydelegging av sjabbatsgleda. (Dobrinsky 1988, s. 16)
[endre] Omskjering av gutar i andre kulturar
Omskjering av gutar er vanleg i mange kulturar — enten omskjering av spedbarn, som i jødedommen, eller som ein del av eit pubertetsrituale, eller eit initieringsrituale til dei vaksnes samfunn.
Omskjering ved tretten års alder er vanleg blant muslimar, med bakgrunn i Abrahám (Ibrahim) si omskjering av sønene sine: etter både jødisk og muslimsk tradisjon vart Jisjmangél (Ismail), son av Hagár, omskoren ved 13 års alder, og Jiṣ’ḥák, son av Sará, vart omskoren åtte dagar gammal.
Nokre muslimske samfunn, f.eks. i Afghanistan, praktiserer omskjering av spedbarn på omlag same vis som i jødedommen. I USA er det svært vanleg at omskjering av nyfødde gutar blir gjort som ein medisinsk standardprosedyre uavhengig av etnisitet og religiøs tilhørigheit.
[endre] Fordelar og ulempar ved omskjering
Det finst mange sterke meiningar om medisinske og sosiale fordelar og ulempar ved omskjering. Forskninga som er gjort på omskjering tyder på at verken fordelane eller ulempane er statistisk sett dramatiske. Ein medisinsk fordel som har vorte påvist er litt lågare risiko for visse typar kreft, både for mennene sjølve og for kvinnene dei lever med. Ved omskjering av vaksne og av eldre born er ein ulempe med sjølve omskjeringsinngrepet at nervesystemet som er involvert er svært følsamt og inngrepet tek noko tid, og ein brukar bedøving — ofte full narkose — for inngrepet. Dette medfører ein viss risiko i seg sjølv som ikkje er til stades ved inngrep på ein nyfødd gut, der nervesystemet i forskinnet er mindre utvikla, inngrepet utført på tradisjonelt vis er over på nokre få sekund, og narkose dermed er unødvendig.
[endre] Hatafàt dàm berít
- Fødd omskoren: Om ein finn at forskinnet manglar eller at det definitivt dekkjer mindre enn halvparten av glans, blir guten rekna som «fødd omskoren». Det er ulike syn på kva som treng gjerast for å halde bodet om berít milá i slike fall. Eit hovudsyn er at ein da skal utføre hatafàt dàm berít. Om dette gjeld ein nyfødd gut, inneber tvilen om han treng berít milá-ritualet at ein flyttar ritualet vekk frå den åttande dagen om denne dagen er sjabbát.
- Omskoren utan jødisk rituale: Om ein jødisk gut er omskoren utan religiøst rituale, gjennomfører ein helst birkàt milá-ritualet, men med hatafàt dàm berít i staden for omskjering.
Hatafàt dàm berít er eit erstatningsrituale for berít milá for jødar og for gutar og menn som konverterer til jødedommen i dei same spesialfalla som er nemnde ovanfor: Ein punkterer huda på penis med ei steril nål med intensjonen å bringe fram ein drope blod, og med dei same berakhót (velsigningar) som ein ville sagt ved ei normal omskjering.
[endre] Kven spelar ei rolle?
[endre] Abrahám abínu
Abrahám var etter jødisk tradisjon den første som vart omskoren som eit synleg teikn på pakta mellom Gud og Abraháms hus.
[endre] Élijjáhu hannabí
Tradisjonen seier at profeten Élijjá er til stades under alle omskjeringar av jødiske gutar. Blant mange jødiske grupper har ein ein eigen stol som er sentralt plassert under omskjeringsseremonien, men som ingen sit på. Denne stolen blir kalla hakkissé sjel Élijjáhu, eller Elias stol.
[endre] Foreldra
Hovudansvaret for omskjering av ein son ligg på faren, og i vidare forstand på begge foreldra. Om faren er medisinsk kvalifisert til å utføre ei omskjering, har han det primære ansvaret for å gjera det. Tilsvarande gjeld òg for mora, noko som ikkje har vore så vanleg i normativ jødedom opp gjennom århundra, men som har hatt ein viktig plass blant skjulte jødar (såkalla marranos el. anusím). Når ingen av foreldra er kvalifiserte, blir omskjeringa utført av nokon andre.
[endre] Mohél
Den som utfører omskjeringar etter jødisk lov blir kalla ein mohél. (Asjkenazím uttalar ofte mohél som moil, moyel eller møyel.) Sjølv om det vanlegaste opp gjennom historia har vore at omskjeringa blir gjort av ein mann, er det fullt ut tillate etter jødisk lov at kvinner utfører omskjeringa. Ein mohél skal ha grundige medisinske og religiøse kvalifikasjonar. Når ein mohél ikkje er tilgjengeleg, kan inngrepet utførast av ein urolog og/eller kirurg. Urologar utfører elles omskjeringar av medisinske årsaker — f.eks. som ein av fleire alternative behandlingstypar for phimosis.
[endre] Sandák — fadder
Fadderen har barnet på fanget under seremonien.
- Mannleg fadder (gudfar)
- sandák (portugisarjødar; osmanske sefardím)
- padrino (portugisarjødar; marokkanske sefardím frå Tangiers)
- Kvinneleg fadder eller kone åt mannleg fadder (gudmor)
- sandèket (portugisarjødar)
- sandaká (osmanske sefardím)
- madrina (portugisarjødar)
- quitada/kitada (osmanske sefardím)
[endre] Birkàt milá
Teksten til birkàt milá varierer ein del mellom ulike tradisjonar. Det følgjande er ritualet etter den portugisarjødiske tradisjonen.
[endre] Innleiing
Som innleiing føre sjølve kjerna av ritualet har dei fleste tradisjonane i vår tid sett inn pizmoním og/eller kavvannót. Vanlege tillegg føre hovuddelen i sefardisk tradisjon er:
[endre] «Berukhím attém, kehàl emunái»
|
Berukhím attèm kehàl emunáj, Jeled hajjullád jíhejé besíman tób, Berukhím attèm ... Ḥélek juttàn lánu bannengimím, Berukhím attèm ... Zekhór ràḥamèkha vedàm habberít, Berukhím attèm ... Hajjèled hazzè zakhá libritó, Berukhím attèm kehàl emunáj,
Signa vere de, mi trufaste menigheit, og “Signa vere den som kjem i ADONÁIs namn.” Må denne nyfødde guten ha godt hell, og må han vakse opp som ein blomstrande hage, og stige opp til velstand og bergast frå pest; Amén! Må ADONÁI gjera det slik. Må ein del bli gjeven oss på gode stader, og i hans dagar må vi gå opp på dei tre valfartshøgtidene, store og små, til ADONÁIs hus; og «Signa vere den som kjem i ADONÁIs namn.» Hugs miskunna Di og paktblodet, og kom på vitjing åt flokken din, resteflokken, med hjelp av din salva, Masjíaḥ ben-Davíd, og send Élijjá, ADONÁIs profet. Denne guten hadde privilegiet å komma inn i pakta; må far hans og mor hans sjå bryllaupet hans. Må bergingsengelen signe honom; må han bli verdig å sjå ADONÁIs glede. |
בְּרוּכִים אַתֶּם קְהַל אֱמוּנָי.
יֶלֶד הַיֻּלָּד יִהְיֶה בְּסִימָן טוֹב.
בְּרוּכִים אַתֶּם קְהַל אֱמוּנָי.
חֵלֶק יֻתַּן לָנוּ בַּנְּעִימִים.
בְּרוּכִים אַתֶּם קְהַל אֱמוּנָי.
זְכוֹר רַֽחֲמֶיךָ וְדָם הַבְּרִית.
בְּרוּכִים אַתֶּם קְהַל אֱמוּנָי.
הַיֶּֽלֶד הַזֶּה זָכָה לִבְרִיתוֹ.
בְּרוּכִים אַתֶּם קְהַל אֱמוּנָי.
|
[endre] «Sjabbát umilá»
[endre] Andre songar
I nokre sefardiske tradisjonar resiterer ein i tillegg bl.a. Davidssalme 11 og utdrag frå Zohár.
[endre] Asjkenazisk tradisjon
I den asjkenaziske tradisjonen er innleiingsorda ganske ulike: Ein startar med at guten blir boren inn mens dei som er til stades reiser seg opp og seier “Barúkh habbá!” Deretter seier guten sin far ei erklæring på hebraisk om at han er klar til å halde bodet om omskjering av sonen sin. Mohélen tek guten og plasserer han på ein stol og seier “Ze hakkissé sjel Élijjáhu ...” (Dette er Elias trone ...), og dei som er til stades svarar: “Nisbengá betúb bétèkhá kedósj Hékhalèkha.”
[endre] Hovuddel
Hovuddelen er i hovudsak lik i sefardisk og asjkenazisk tradisjon. Teksten som er attgjeven her er ein tradisjonell portugisarjødisk tekst i kort utgåve som han er attgjeven i סדור ברכה, Amsterdam 5394. Teiknsettinga er utvida i tråd med nyare utgåver.
[endre] Omskjering
|
Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mèlekh hangolám, ašer qiddešánu bemiṣvotáv, veṣivvánu ngal hammilá. Velsigna er Du, Evige, vår Gud, herskar over universet, som helga oss med boda sine, og baud oss om milá. |
בָּרוּךְ אַתָּה יהוה. אֱלהֵינוּ מֶלֶךְ הָעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדְּשָׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו. וְצִוָּנוּ עַל הַמִּילָה׃ |
Om faren (eller mora) åt guten utfører omskjeringa sjølv — noko som sjølvsagt ikkje skal gjerast om ein ikkje er grundig kvalifisert — var gammal sefardisk skikk at den som utfører omskjeringa seier «veṣivvánu lamúl habbén» i staden for «veṣivvánu ngal hammilá». Ramban (Nachmanides) erklærte at den vanlege berakháen «veṣivvánu ngal hammilá» skal brukast i alle fall. Men den gamle skikken finst stadig blant marokkanske sefardím.
Mohélen utfører omskjeringa.
Rett etter omskjeringa seier guten sin far (eller mor):
|
Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mèlekh hangolám, ašer kiddešánu bemiṣvotáv, veṣivvánu lehakhnisó bibritó šel Abrahám abínu. Velsigna er Du, ADONÁI, vår Gud, herskar over universet, som helga oss med boda Dine og baud oss å innvigje honom i pakta åt Abrahám, far vår. |
בָּרוּךְ אַתָּה יהוה. אֱלהֵינוּ מֶלֶךְ הָעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדְּשָׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו. וְצִוָּנוּ לְהַכְנִיסוֹ בִּבְרִיתוֹ שֶׁל אַבְרָהָם אָבִינוּ׃ |
Faren seier sjehèḥejánu (berre sefardím):
|
Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mèlekh hangolám, šehèḥejánu vekijjemánu vehiggingánu lazzemàn hazzè. Velsigna er Du, ADONÁI, vår Gud, herskar over Universet, som heldt oss i live og heldt oss oppe og lét oss nå denne tida. |
בָּרוּךְ אַתָּה יהוה. אֱלהֵינוּ מֶלֶךְ הָעוֹלָם. שֶׁהֶחֱיָנוּ וְקִיְּמָנוּ וְהִגִּיעָנוּ לַזְּמַן הַזֶּה׃ |
Dei som er til stades svarar:
|
Kešém šèhikhnastó labberít, kén takhniséhu lattorá velaḥuppá ulmangasím tobím. Slik som du innvigde han i pakta, slik føre du han inn i Toráen og under bryllupsbaldakinen og til gode gjerningar. |
כְּשֵׁם שֶׁהִכְנַסְתּוֹ לַבְּרִית. כֵּן תַּכְנִיסֵהוּ לַתּוֹרָה וְלַחֻפָּה וּלְמַעֲשִׂים טוֹבִים׃ |
Mohélen eller ḥazzánen/ḥakhámen (sp.-p.) tek så eit beger vin i høgre hand og seier:
|
Sabrí máranán, (Alle svarar: «Leḥajjím!») Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mèlekh hangolám, boré perí haggèfen. (Alle svarar: «Amén!») Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mèlekh hangolám, ašer qiddéš jedíd mibbèten, veḥók bišéró sám, veṣèeṣaáv ḥatàm beót berít kódeš. Ngal kén biskhár zó Él ḥái ḥelkénu ṣurénu, ṣivvá lehaṣíl jedidót zèrang kódeš šeerénu miššàḥat, lemángan beritó ašer sám bibsarénu; barúkh attá ADONÁI, korét habberít. (Alle svarar: Amén!) Sabrí máranán, (Alle svarar: «Leḥajjím!») Velsigna er Du, Evige, vår Gud, herskar over universet, skapar av frukta frå vinranken. (Alle svarar: «Amén!») Velsigna er Du, ADONÁI, vår Gud, herskar over universet, som helga den elska [Abrahám] frå morslivet, og gav ei føreskrift åt ætta hans, og etterkommarane hans merka du med teiknet åt den heilage pakta. Derfor, som løn for dette, baud den levande Gud, luten vår, klippa vår, å berge den elska heilage sæda frå avgrunnen, på grunn av pakta Hans som Han sette i kjøtet vårt; velsigna er Du, ADONÁI, stiftar av pakta. (Alle svarar: «Amén!») |
סַבְרִי מָרָנָן. (חיים) בָּרוּךְ אַתָּה יהוה. אֱלהֵינוּ מֶלֶךְ הָעוֹלָם. בּוֹרֵא פְּרִי הַגֶּפֶן׃ (אמן) בָּרוּךְ אַתָּה יהוה. אֱלהֵינוּ מֶלֶךְ הָעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדֵּשׁ יְדִיד מִבֶּטֶן וְחוֹק בִּשְׁאֵרוֹ שָׂם. וְצֶאֱצָאָיו חָתַם בְּאוֹת בְּרִית קדֶשׁ. עַל כֵּן בִּשְׂכַר זוֹ אֵל חַי חֶלְקֵנוּ צוּרֵנוּ צִוָּה לְהַצִּיל יְדִידוֹת זֶרַע קדֶשׁ שְׁאֵרֵנוּ מִשַּׁחַת. לְמַעַן בְּרִיתוֹ אֲשֶׁר שָׂם בִּבְשָׂרֵנוּ. בָּרוּךְ אַתָּה יהוה. כּוֹרֵת הַבְּרִית׃ |
[endre] Namngjeving
Mohélen eller ḥazzánen/ḥakhámen (sp.-p.) seier:
|
Elohénu vÉlohé aboténu kajjém et hajjèled hazzè leabív ul’immó, vejikkaré šemó beJisra’él ... [guten sitt førenamn], jismàḥ ha’íš bijoṣé ḥalaṣáv, vetagél há’iššá bifrí bitnáh, kà’amúr: Jismàḥ abíkha ve’immèkha vetagél jolad’tèkha. Venè’emàr: va’è’ebór ngalàjikh vá’er’ékh mitbosèset bedamàjikh, vá’omàr lákh bedamàjikh ḥají, vá’omàr: Lákh bedamàjikh ḥají. Venè’emàr: Zakhàr lengolám beritó dabár ṣivvá le’èlef dór. Ašer karàt et Abrahám ušbúngató leJiṣḥáq. Vajjàŋanidèha leJangakób leḥók, leJisra’él berít ngolám. Hodú lADONÁI ki tób, ki lengolám ḥasdó. ... [Guten sitt førenamn] hakkatán Elohím jegaddeléhu. Kaššém šènnikhnàs labberít, kákh jikkanés latTorá ulmiṣvót, leḥuppá ulmangasím tobím. Vår Gud og guden åt fedrane våre, tak vare på denne guten for far hans og mor hans, og lat namnet hans i Jisra’él vera: ... (guten sitt førenamn). Må mannen glede seg over den som kom or hoftene hans, og kvinna fryde seg over frukta av livet hennar; som det er sagt: «Far din og mor di skal glede seg, og ho som fødde deg skal fryde seg.» (Ordspråka, kap. 23, v. 25) Og det er sagt: «Og da eg gikk forbi deg og såg deg [...] i blodet ditt, sa eg åt deg: ‘i blodet ditt leve du,’ ja, eg sa åt deg: ‘i blodet ditt leve du.’» (Jeḥezqél (Ezekiel), kap. 16, v. 6) Og det er sagt: «Han har hugsa pakta Si i æva, ordet som Han baud åt tusen ætteled; [pakta] som Han sette med Abrahám, og eida Hans åt Jangakób som ei føreskrift, åt Jisraél som ei evig pakt. Takksei ADONÁI, som er god; for i æva er godskapen Hans.» (Tehillá (Davidssalme) 15, v. 8–10) Denne litle ... (guten sitt førenamn), Gud gjere han stor. Slik som han er ført inn i pakta, slik før han inn i Toráen, i boda, i bryllaupsbaldakinen og i gode gjerningar. |
אֱלהֵינוּ וֵאלהֵי אֲבוֹתֵינוּ. קַיֵּים אֶת הַיֶּלֶד הַזֶּה לְאָבִיו וּלְאִמּוֹ. וְיִקָּרֵא שְׁמוֹ בְּיִשְׂרָאֵל [פלוני]. יִשְׂמַח הָאִישׁ בְּיוֹצֵא חֲלָצָיו. וְתָגֵל הָאִשָּׁה בִּפְרִי בִּטְנָהּ. כָּאֲמוּר. יִשְׂמַח אָבִיךָ וְאִמֶּךָ. וְתָגֵל יוֹלַדְתֶּךָ׃ וְנֶאֱמַר. וָאֶעֱבוֹר עָלַיִךְ וָאֶרְאֶךְ מִתְבּוֹסֶסֶת בְּדָמַיִךְ וָאוֹמַר לָךְ בְּדָמַיִךְ חֲיִי. וָאוֹמַר לָךְ בְּדָמַיִךְ חֲיִי׃ וְנֶאֱמַר. זָכַר לְעוֹלָם בְּרִיתוֹ דָּבָר צִוָּה לְאֶלֶף דּוֹר׃ אֲשֶׁר כָּרַת אֶת אַבְרָהָם וּשְׁבוּעָתוֹ לְיִצְזָק׃ וַיַּעֲמִידֶהָ לְיַעֲקב לְחוֹק. לְיִשְׂרָאֵל בְּרִית עוֹלָם׃ הוֹדוּ לַיהוה כִּי טוֹב. כִּי לְעוֹלָם חַסְדּוֹ׃ [פלוני] הַקָּטָן אֱלהִים יְגַדְּלֵהוּ׃ כַּשֵּׁם שֶׁנִּכְנַס לַבְּרִית. כָּךְ יִכָּנֵס לַתּוֹרָה וּלְמִצְווֹת. לְחֻפָּה וּלְמַעֲשִׂים טוֹבִים׃ |
[endre] Avslutning
Mange sefardím resiterer Davidssalme 128 her.
Om det er minján, syng alle som er til stades Kaddísj Jehé sjelamá.
[endre] Sengudá
[endre] Kjelder
[endre] Sefardím
- סדור ברכה = Siddur Berakha. Orden de Bendicion conforme el uſo del K. K. de Sepharad. Añanido y acreſcentado en muchas coſas a las precedentes imprẽſiones. Eſtampado a coſta de vn zeloſo Hebreo. En caſa de Menaſſeh ben Iſrael. [Amsterdam.] Año 5394 [= 1633/34].
- Charbit, Joseph-Élie: סדור פתח אליהו = Rituel de prières Pata’h Eliyahou. Rite Sepharade. Édité par Joseph-Élie Charbit. Paris (les éditions colbo), 1994.
- Dobrinsky, Herbert C.: A treasury of Sephardic laws and customs : the ritual practices of Syrian, Moroccan, Judeo-Spanish and Spanish and Portuguese Jews of North America. Revised edition. Hoboken, NJ (Ktav); New York, NY (Yeshiva Univ. Press), 1988.
- סדר התפלות כמנהג ק״ק ספרדים שער השמים בלומדדון יע״א = Book of prayer of the Spanish and Portuguese Jews’ Congregation, London : with an English translation. Based principally on the editions of the Rev. D. A. de Sola and Haham Moses Gaster. Revised under the authority of Solomon Gaon, Ph.D., Haham of the Spanish and Portuguese Jews’ Congregations of Great Britain and published for The Society of Heshaim. Oxford (printed at the University Press for the Spanish and Portuguese Synagogue by Vivian Ridler), 5725-1965.
[endre] Asjkenazím
- סדור חדש ימינו = Ḥadesh Yameinu : renew our days : a book of Jewish prayer and meditation. Edited and translated by Rabbi Ronald Aigen. Hampstead, Quebec, Canada (Congregation Dorshei Emet), cop. 1996. ISBN 0-9696927-1-4.
- Scherman, Nosson סדור אהבת שלום : חול / שבת / שלש רגלים : נוסח אשכנז = The ArtScroll Siddur : weekday / Sabbath / Festival : a new translation and anthologized commentary by Rabbi Nosson Scherman; co-edited by Rabbi Meir Zlotowitz; designed by Rabbi Sheah Brander. Second edition; sixth impression. Brooklyn, N.Y. (Mesorah Publications, Ltd.), 1994. ISBN 0-89906-655-0 (paperback).
- Bokser, Ben Zion: הסדור לחול, לשבת וליום טוב = The prayer book : weekday, Sabbath and festival. Translated and arranged by Ben Zion Bokser. New York (Behrman House Publishers, Inc.), cop. 1983. ISBN 0-87441-368-0
- Singer, S.: סדר תפלות כל השנה כמנהג פולין = The Authorised Daily Prayer Book of the United Hebrew Congregations of the Commonwealth. Based on the original translation of the Rev. S. Singer. Published for the Centenary of the first edition, with a new translation and Introductions to Sections of the Prayers under the editorial direction of the Chief Rabbi Lord (Immanuel) Jakobovits. London, 1990.
