Bendix Henriques
Frå Safon.org
Bendix Henriques (1725–1807) eller Pinches Nasche (Nakskov/Nasschou) fungerte som mohél, og etterkvart som församlingsordförande (forstandar) og sjalíaḥ ṣibbúr (forrettar) i den jødiske meinigheita i Göteborg.
Pinches Nasche vart fødd i Nakskov på Lolland i 1725 som son av asjkenaziske Moses Aaron Nathan (1690–1744) og portugisarjødiske Rachel Bendix (1695–1746/1776) av Henriques-familien. For å kunne busette seg fritt i København tok han namnet Bendix Henriques etter slektsnamnet til mora, Bendix, og til mormora, Henriques.
Bendix Henriques gifta seg første gong i 1754 med Rebekka Israel (f. 1730 i Hamborg; d. 1763 i København). Dei fekk to born:
- Penina Henriques (f. 1756), gift med Elias Moses Delbanco.
- Moses Bendix Henriques (f. 1758)
Etter at Rebekka Israel dødde i 1763, gifta Bendix seg opp att med Elischewa Chawa (f. 1740, d. 1796 i Göteborg). Dei fekk desse sju borna:
- Samuel Henriques (f. 1765)
- Rachel Henriques (f. 1766)
- Ruben jr. Henriques (f. 1771–1846), vekselerar og grosserar
- Zippora Henriques (f. 1773–1828), gift med silke- og kledekremmar Moses Ruben Henriques (1757–1823).
- Malchen («Malka») Henriques (f. 1777)
- Esther Henriques (f. 1779)
- Bella Henriques (f. 1781)
Bendix kom til Marstrand som krämardräng i 1784 eller 1786 og fungerte samtidig som mohél der. Nokre år seinare etablerte han ei vekselerarforretning saman med svigerson sin, Elias Moses Delbanco. Bendix Henriques fungerte som församlingsordförande (forstandar) og sjalíaḥ ṣibbúr (forrettar) i den jødiske meinigheita i Göteborg frå 1792 til han dødde i 1807.
