Bené Efrájim
Frå Safon.org
Bené Efrájim (hebr. בְּנֵי אֶפְרַֽיִם [bə'nē ef'rajim] (‘born av Efrájim’), en. skrivemåte: Bene Ephraim eller Bnei Ephraim), òg kalla telugujødar fordi dei snakkar telugu, er ei lita gruppe av jødar som bur hovudsakleg i Kottareddipalem, ein landsby utanfor Guntur i Andhra Pradesh i India, nærme elvedeltaet av elva Krishna.
Bené Efrájim-jødane sporar dei jødiske skikkane sine attende til tidlege tider og historia deira har eit tydeleg fellesdrag med den til bené Menasjé-jødane i dei nordaustindiske statane Mizoram og Manipur: Baptistiske misjonærar kom åt dei først på 1800-talet og konverterte dei til kristendommen.
Sidan 1981 har kring 50 familiar kring Kottareddipalem og Ongole (hovudstaden i Prakasham-distriktet) lært jødedom og hebraisk språk og arbeidd for at andre jødiske grupper verda ikring skal godtaka dei som jødiske. På grunn av at hebraisk språk er så nyleg teke i bruk og på grunn av den sterke vekta på å bruke hebraisk som levande språk heller enn berre som liturgisk språk, har innflytnaden frå hebraisk på morsmålet telugu enno ikkje ført til noko kjennspakt «jødetelugu» som språk eller dialekt.
Opp gjennom åra har fleire grupper av rabbinarar besøkt bené Efràjim-samfunnet, men dei har enno ikkje sett seg klare til å godkjenne dette samfunnet i same grad som dei nyleg har gjort det med bené Menasjé-jødane.
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelder
- «Bene Ephraim» på Engelsk Wikipedia
- http://www.kulanu.org/india/telugu_jews.html
- http://www.kulanu.org/india/bneiephraim.html
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. | This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License. |
