Beiglech - Safon.org

Beiglech

Frå Safon.org

(Omdirigert frå Beigelech)
Jump to: navigation, search

Beiglech (frå jiddisch בייגלעך; eintal: beigl) er ein asjkenazisk matrett med røter i Polen. Enkelt sett kan ein seie at beigelech er ringforma rundstykke som blir koka i vatn føre dei blir steikte i bakaromn.

På grunn av kokinga er beigelech tunge og ei aning seige inni, ofte med ei solid skorpe etter steikinga i bakaromnen. Dei tapar seg fort i smak ved lagring, blir gjerne steinharde etter ein dag eller to, og eignar seg derfor definitivt best til å eta same dagen.

Beigelen er i dag svært populær i det nordaustlege Nord-Amerika, der han blir kalla bagel — ei anglifisering av det jiddische ordet בייגל (beigel). I Nord-Amerika er det svært vanleg å kløyve beiglane og eta dei med ferskost (cream cheese, cottage cheese) og røykjelaks («lox»).

Personlege verktøy