Beaufortskalaen
Frå Safon.org
Beaufortskalaen er ein empirisk klassifikasjon av vindhastigheita. Skalaen vart laga i 1806 av Sir Francis Beaufort, ein irsk offiser i the British Navy (Den britiske marinen).
Admiral Beaufort baserte skalaen på seglføringa ved bivindsegling (seiling med vinden i dei førande kvadrantane) på fullrigga orlogsfartøy tidleg på 1800-talet. Skalaen fekk 13 nivå der 0–4 omfattar farten som fartøyet kan ventast å nå med alle segl sette, 5–9 om den seglsettinga som trengst for å halde på manøvreringsevna i ein stridssituasjon og 10–12 om korleis fartøyet skal handterast for å overleva. Seinare meteorologar (the International Meteorological Committee, 1946) har lagt til trinn 13–17, som òg omfattar dei vindstyrkane som kan oppstå i tropiske orkanar, tornadoar (skypumper) og liknande.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
På 1800-talet fanst fleire vindskalaer rundt om i verda, og det er nokså tilfeldig at nettopp den Beaufort stod bak har overlevd og vorte ein universell standard. Tilfeldigheita vart hjelpt av to oppfinningar og ein vêrkatastrofe.
Beaufortskalaen vart sett som standard av Den britiske marinen i 1838. I 1837 fann Samuel Morse opp telegrafen, og i 1846 kom T.R. Robinson med skål-anemometeret for vindmåling. I slaget ved Sevastopol i 1854 slo så ein overraskande vinterstorm store delar av dei franske og engelske flåtane til pinneved. På bakgrunn av dette såg ein at ein trong varslingar for plutselege omslag i vêret. Framsynte personar i admiralitetet kopla då saman dei nye eksakte vindmålingane og anledninga beaufortskalaen gav dei til å kunna telegrafere prognoser til flåteeiningane.
På 1900-talet kom skalaen til å bli tolka på ulike måtar i samband med at ein prøvde å omsette stega hans til ein felles standard med vindfart og meteorologiske nemningar. Dette var eit innvikla arbeid, dels med tanke på ulike einingssystem og dels ettersom seglsettinga på orlogsfartøy ikkje lenger var allmenn kunnskap. Gradvis vaks ein felles standard fram, og ved midten av 1900-talet hadde dei nye vindstyrkenemningane slått ut beaufortskalaen i dei fleste samanhengane bortsett frå skipsloggbøkene.
[endre] Skalaen
| Vindstyrke i beaufort | Vindfart | Middel vindfart (knop / km/t / mph) | Nemning (Eldre sjønemning i kursiv) | Bølgjehøgd | Verknad til sjøs | Verknad på land | ||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| knop | km/t | mph | m/s | m | fot | |||||
| 0 | 0 | 0 | 0 | 0-0,2 | 0 / 0 / 0 | Stille Stille | 0 | 0 | Sjøen er spegelblank (havblikk). | Røyk stig rett opp. |
| 1 | 1-3 | 1-6 | 1-3 | 0,3-1,5 | 2 / 4 / 2 | Flau vind Laber kuling | 0,1 | 0,33 | Krusningar dannar seg på havflata. | Ein kan sjå vindretninga av røykdrifta. |
| 2 | 4-6 | 7-11 | 4-7 | 1,6-3,3 | 5 / 9 / 6 | Svak vind Laber bramsegls kuling | 0,2 | 0,66 | Små korte, men tydelege bølgjer med glatte kammar som ikkje bryt. | Følbar, rører blad på trea, løftar ein vimpel. |
| 3 | 7-10 | 12-19 | 8-12 | 3,4-5,4 | 9 / 17 / 11 | Lett bris Bramsegls kuling | 0,6 | 2 | Småbølgjene tek til å toppe seg. Det blir danna skum som ser ut som glas. Ein og annan skumskavl kan førekomma. | Lauv og småkvistar rører seg, vinden strekkjer lette flagg og vimplar. |
| 4 | 11-16 | 20-29 | 13-18 | 5,5-7,9 | 13 / 24 / 15 | Laber bris Merssegls kuling | 1 | 3,3 | Bølgjene blir lengre. Ein del skumskavlar. | Løftar støv og lause papir, rører på kvistar og smågreiner, strekkjer større flagg og vimplar. |
| 5 | 17-21 | 30-39 | 19-24 | 8,0-10,7 | 19 / 35 / 22 | Frisk bris Enkeltreva merssegls kuling | 2 | 6,6 | Mellomstore bølgjer som har ei meir utprega langstrekt form og med mange skumskavlar. Sjøsprøyt frå toppene kan førekomma. | Småtre med lauv tek til å svaie, på vatn tek bølgjene til å toppe seg. |
| 6 | 22-27 | 40-50 | 25-31 | 10,8-13,8 | 24 / 44 / 27 | Liten kuling Toreva kuling | 3 | 9,9 | Store bølgjer tek til å danne seg. Skumskavlane er større over alt. Gjerne noko sjøsprøyt. | Store greiner og mindre stammar rører seg, det kvin i telefontrådane, det er vanskeleg å bruke paraply, ein merker motstand når ein går. |
| 7 | 28-33 | 51-62 | 32-38 | 13,9-17,1 | 30 / 56 / 35 | Stiv kuling Trereva kuling | 4 | 13,1 | Sjøen hopar seg opp, og kvitt skum frå bølgjer. Toppar som bryt tek til å blåse i strimer i vindretninga. | Heile tre rører seg, vanskeleg å gå mot vinden. |
| 8 | 34-40 | 63-75 | 39-46 | 17,2-20,7 | 37 / 68 / 42 | Sterk kuling Klossreva kuling | 5,5 | 18 | Mellomhøge bølgjer av større lengd. Bølgjekammane er ved å brytast opp til sjørokk som driv i tydeleg markerte strimer med vinden. | Brekk kvistar av trea, tungt å gå mot vinden. |
| 9 | 41-47 | 76-87 | 47-54 | 20,8-24,4 | 44 / 81 / 50 | Liten storm Storsegls kuling | 7 | 23 | Høge bølgjer. Tette skumstrimer driv i vindretninga. Sjøen tek til å «rulle». Sjørokket kan minske synsvidda. | Heile store tre svaiar og hiv, takstein kan blåse ned. |
| 10 | 48-55 | 88-102 | 55-63 | 24,5-28,4 | 52 / 96 / 60 | Full storm Storm | 9 | 29,5 | Svært høge bølgjer med lange overhengande kammar. Skummet som blir danna i store flak driv med vinden i tette kvite strimer så sjøen får ein kvitaktig utsjånad. Rullinga blir tung og støytande. Synsvidda nedsett. | Sjeldan inne i landet, tre blir rykte opp med rot, stor skade på hus. |
| 11 | 56-63 | 103-117 | 64-72 | 28,5-32,6 | 60 / 111 / 69 | Sterk storm Sterk storm | 11,5 | 37,7 | Uvanleg høge bølgjer. Små og mellomstore skip kan for ei tid forsvinne i bølgjedalane. Sjøen er fullstendig dekt av lange, kvite skumflak som ligg med vindretninga. Over alt blæs bølgjekammane til frådeliknande skum. Sjørokket set ned synsvidda. | Svært sjeldan, fører til store øydeleggingar. |
| 12 | >63 | >117 | >72 | 32,7–36,9 | N/A | Orkan Orkan | 14+ | 46+ | Lufta er fylt av skum og sjørokk som sett ned synsvidda betydeleg. Sjøen er fullstendig kvit av drivande skum. | Skjer svært sjeldan, uvanleg store øydeleggingar. |
| 13 | 37,0–41,4 | |||||||||
| 14 | 41,5–46,1 | |||||||||
| 15 | 46,2–50,9 | |||||||||
Styrkenemningane og fartsintervalla viser til middelverdien av vinden. Ved instrumentmålingar brukar ein gjennomsnittet for 10 minutt (1 minutt i USA), og vinden er derfor som regel sterkare i kasta.
[endre] Kjelder
[endre] Lenkjer
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. | This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License. |
Kategoriar: GFDL | Vind | Vêr | 1800-åra
