Bat miṣvá - Safon.org

Bat miṣvá

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Bat miṣvá tyder ordrett ‘dotter av bodet’ og blir bruka som namn for det punktet i oppveksten at ei jente blir rekna som religiøst sett myndig. Sidan mellomalderen har dette punktet vore definert som 12 år. I deler av ikkje-ortodoks jødedom definerer ein i staden dette punktet som 13 år.

(Det tilsvarande punktet i oppveksten åt ein gut blir kalla bar miṣvá.)

Frå dette tidspunktet av er jenta pliktig til å følgje alle boda — inkludert kasjrút (matføreskriftene), sjabbát og full faste på fastedagar som kippúr og tisjngá beáb.

I egalitær jødedom blir jenta no rekna med i minján, ho kan leie gudstenesta om ho har ferdigheitene som trengst, og ho kan ha ngalijjá åleine.

Bod som ikkje er rekna som bindande for jenter, men som jenter er frie til å ta på seg om dei vil etter eldre sefardisk og vestasjkenazisk jødedom, og dessutan vår tids egalitære jødedom (hovudsakleg utanom ortodoks jødedom), er ṣiṣít (hjørnefrynser) og tefillín (bønereimer)

[endre] Rituale

Fram til nyare tid har det ikkje eksistert noko rituale for bat miṣvá-feiring. På 1800-talet vart så dei første bat miṣvá-feiringane heldt i det noverande Irak.

Den første bat miṣvá-feiringa vi veit om i vestleg jødedom vart heldt i 1921, da Judith Kaplan (dotter av rabbinar Mordecai Kaplan, mannen som etablerte den rekonstruksjonistiske jødedommen) las eit toráavsnitt på første sjabbát etter at ho nådde bat miṣvá-alderen (tolv år) i den da nyetablerte synagogen Society for the Advancement of JudaismManhattan i New York.

I våre dagar blir bar miṣvá feira blant dei aller fleste jødar, berre med unntak av nokre ortodokse miljø. I dei fleste ortodokse meinigheitene held jenta ein derasjá (tale) om vekas toráavsnitt eller om andre emne som har med miṣvót (boda) å gjera under eit festmåltid etter gudstenesta. I dei fleste konservative/masorti, rekonstruksjonistiske og reformjødiske meinigheitene (og i våre dagar i nokre feministisk-ortodokse meinigheiter) er det vanleg at jenta har ngalijjá i synagogen på sjabbát og resiterer ein del av vekas toráavsnitt; i tillegg held ho gjerne ein derúsj (tale, preike) over toráavsnittet.

[endre] Kjelder

Personlege verktøy