Bat ḥájil
Frå Safon.org
I skandinavisk ortodoks jødedom finst det eit eige konfirmasjonsritual for jenter i 14–15-årsalderen. Dette ritualet, som er inspirert av konfirmasjonen i tidlegare reformjødedom (og som i sin tur var inspirert av konfirmasjonen i kristendommen), blir kalla bat ḥájil (ofte skrive bat chajil), frå hebraisk חַֽיִל (‘sterk’, ‘prisverdig’). Namnet kan lauseleg omsettast som ‘den sterke dottera’ eller ‘den prisverdige dottera’ og er eit ordspel på «ésjet ḥájil» (‘den sterke kvinna’ eller ‘den prisverdige kvinna’) — eit uttrykk som blir bruka i Mesjalé Sjelomó (Ordtøka åt Sjelomó), og som òg er namnet på utdraget derifrå (31:10–31) som mannen les til kona si føre måltidet på fredagskvelden i mange sefardiske og asjkenaziske tradisjonar (men normalt ikkje i den portugisarjødiske tradisjonen i Vest-Europa).
