Bakvendtvisa - Safon.org

Bakvendtvisa

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

«Bakvendtvisa»

[endre] Tekst

  1. Eg beisla min styvel og sala mitt sverd
    so batt eg merri ved sida,
    so reiste eg meg til kattemord-ferd,
    skulde standa den fårlege striden.
         Eg låg og eg datt, eg drøymde i natt,
         eg tykte den visa var bakvend radt.
     
  2. Og reven var raud, og ikorn var snaud,
    det var tvo dyr uti skogen.
    Der stod tvo ikorn og tamde ein bjørn,
    dei vilde vel hava’n for plogen.
         Eg låg og eg datt, ...
     
  3. Og laksen upp i furutopp
    han braut smålauvet av greiner,
    og ikorn ned på havsens botn
    skulde bryta upp store gråsteinar.
         Eg låg og eg datt, ...
     
  4. Snigelen låg upp å høge heid
    og stanga ned skyi med horni.
    Og reven hadd’ fenge foteverk,
    no kom han kje heimatt til borni.
         Eg låg og eg datt, ...
     
  5. Kobben han var gjætar-svein
    han skulde gå etter sauom.
    Der stod ein stein på fire bein,
    han sat og tvo seg i augom.
         Eg låg og eg datt, ...
     
  6. So kom der fram ei gråsala geit,
    var avhogne alle tri beini.
    So sende dei henne til Dovrefjell
    å verja mot alle gråbeinar.
         Eg låg og eg datt, ...
     
  7. So kom der fram ein gamall blind mann
    skulde sjå kor det leid no med tidi,
    og månen han gol, og stjernone song,
    og gauken han skein burt i lidi.
         Eg låg og eg datt, ...
     
  8. So gjekk eg meg til kyrkjehus,
    der stod tvo messar og presta,
    der brann ein klokkar og sang tvo ljos,
    der ringde tvo raudmåla hestar.
         Eg låg og eg datt, eg drøymde i natt,
         eg tykte den visa var bakvend radt.
     

[endre] Kjelder

Seip, Karl: En liten visebok for hjemmet. Oslo : H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), 1929.

Personlege verktøy