Bahá’u’lláh
Frå Safon.org
| Bahá’í |
| Personar |
| Ali Muhammad Shirazi («Báb») Bahá’u’lláh Abdu’l-Bahá Shoghi Effendi |
| Skrifter |
| Kitáb-i-Aqdas |
| Kitáb-i-Iqan |
| Livsførsel |
| kalender |
| fastemånaden |
| dagleg bøn |
| huqu’u’llah (religiøs skatt) |
| syn på rusmiddel |
| paktsbrytarar (bannlyste) |
| ekteskap gravferd |
| Heilage stader |
| Qiblih |
| Haifa - Shiraz Baghdad |
| gudshus |
| Andre retningar |
| babisme - ortodoksi |
Bahá’u’lláh (f. 12. november 1817; d. 29. mai 1892) var grunnleggaren av bahá’í-religionen. Det opphavlege namnet hans var Mirza Husayn-Ali Núri, men han tok det arabiske namnet Bahá’u’lláh som tyder Guds herlegdom. Bahá’u’lláh blir i bahá’í-religionen rekna for å vera Guds bodberar for menneskja i dag.
Mirza Husayn-Ali Núri var fødd i Tehrān (Teheran) i Iran. Han var ein tilhengar av Báben, som grunnla religionen babisme. Ei av læresetningane i religionen var at «han som Gud skal vise fram» skal sameine alle menneske og religionar.
I 1863 i Bagdad openberra Bahá’u’lláh seg som den utvalde, som babismen, og etter hans syn alle andre tidlegare religionar, hadde lova. Han skreiv brev til kongar og presidentar og formana dei om å legge bort konfliktar og usemje og minske skattebyrda for dei fattige. Han bad dei komma saman til ein stor konferanse for å legge grunnlaget for «den største freden». Da dei ikkje lydde boda hans, erklærte han at dei kjem til å miste rikdommane sine. Krigar og katastrofer skal fortære land og område føre verdas likevekt blir oppnådd.
Bahá’u’lláh vart landsforvist frå Persia (noverande Iran) i 1850-åra, og reiste gjennom noverande Irak og Tyrkia i Det osmanske riket til Akko i det noverande Israel), der han dødde i 1892.
[endre] Verk
Den viktigaste boka hans, Kitáb-i-Aqdas (Den heilagaste boka), inneheld 190 vers med utførlege kommentarar. Denne boka blir i Bahá’í-trua rekna som verdenscharteret for menneskja. Andre sentrale bøker er Kitáb-i-Iqan (Boka av vissheiter) og Dei skjulte ord (utgjeve posthumt). Ein del av bøkene hans er omsette til norsk.
[endre] Lenkjer
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Bahá'u'lláh» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
Kategoriar: GFDL | Nynorsk Wikipedia | Q | Bahá’í | Religionsstiftarar
