Bahá’í - Safon.org

Bahá’í

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Bahá’í
Personar
Ali Muhammad Shirazi
(«Báb»)

Bahá’u’lláh
Abdu’l-Bahá
Shoghi Effendi
Skrifter
Kitáb-i-Aqdas
Kitáb-i-Iqan
Livsførsel
kalender
fastemånaden
dagleg bøn
huqu’u’llah (religiøs skatt)
syn på rusmiddel
paktsbrytarar
(bannlyste)
ekteskap
gravferd
Heilage stader
Qiblih
Haifa - Shiraz
Baghdad
gudshus
Andre retningar
babisme - ortodoksi
Bahá’ítempelet i Wilmette i Illinois i USA.Foto:«Jeff3000»
Bahá’ítempelet i Wilmette i Illinois i USA.
Foto:«Jeff3000»

Bahá’í-trua er den yngste av dei monoteistiske verdsreligionane. Ho har totalt over seks millionar tilhengarar på alle kontinenta. Religionen er den nest mest geografisk spreidde etter kristendommen. Grunnleggaren Bahá’u’lláh (arabisk بهاءالله ‘Guds Herlegheit’, 18171892) understrekar «einskapen åt menneskja, slår fast at dei store religionane er som kapittel i éi bok og formulerer visjonen av ein ny verdsorden grunna på andelege prinsipp».

Innhaldsliste

[endre] Bakgrunn

I Iran i år 1844 forkynte Báb (arab. باب ‘Porten’, 18191850) at han var forløparen til lova i alle religionar. Báb sine følgjesveinar vart kalla bábíar. Bahá’u’lláh vart raskt ein av Báb sine leiande forkynnarar, og i 1863 i Bagdad grunnla han bahá'í-religionen. Etter Bahá’u’lláh si forvisning og bortgang i Det heilage landet i 1892, fortsette sonen hans, ‘Abdu’l-Bahá (18441921) utbreiianga av trua. `Abdu’l-Bahá sitt barnebarn Shoghi Effendi (18971957) vart utpeikt til bahá’í-trua sin beskyttar. Under den inspirerte leiinga hans voks trua globalt. I dag blir det internasjonale bahá’í-samfunnet leidd av det demokratisk valde Den universelle rettferdas hus, som har sete på Karmelfjellet i byen Haifa i det nordlege Israel.

[endre] Sosiale prinsipp

Dei sentrale prinsippa er Guds einskap, ei skapande kraft, Gud, som gjer seg kjent for menneska via Guds bodberarar (eller profetar). Uavhengig leiting etter sanninga krevst, og ein må fri seg frå fordommar og overtru. Bahá’u’lláh meiner at religion og vitskap må vera i harmoni. Religion må danne grunnlaget for einskap og kjærleik. Like rettar for kvinner og menn trengst for denne tidsalderen. Eit internasjonalt hjelpespråk bør utviklast og grunnleggande utdanning for alle er nødvendig for økt forståing og betre kommunikasjon mellom landa. Det krevst òg ei rettvis fordeling av jordas ressursar. Bahá’u’lláh peikar òg på at globale føderale institusjonar for å sikre verdsfreden må opprettast. Ein felles valuta med felles mynteining blir føreslege — med mål om å forenkle økonomiske transaksjonar og foreine verdas nasjonar.

[endre] Heilag bok

Bahá’íane si heilagaste bok og hovudverk er Kitáb-i-Aqdas skriven av Bahá’u’lláh sjølv i 1873. Boka består av 190 vers og utdjupande kommentarar. Innhaldet spenner frå lover, formaningar, profeti, levereglar og arverett til organisering av eit framtidig verdssamfunn. Ho vart omsett til engelsk i 1992. Andre hovudbøker er Kitáb-i-Iqan (Vissheitas bok) og Dei skjulte orda.

[endre] Ein ny kalender

Báb etablerte den nye tidsalderen med ein ny kalender med året delt inn i 19 månader à 19 dagar. Kvar månad har eitt av Guds namn. Året har 9 heilagdagar. I tillegg er det fire/fem skotårsdagar. Nyår blir feira når sola går inn i stjernebildet Vêren. Dette skjer anten 20., 21. eller 22. mars.

[endre] Ritual

Nokre få og enkle ritual finst:

  • Eit kort ekteskapsvers blir lese
  • Nokre få gravleggingsreglar finst
  • Bahá’íar skal:
    • lesa obligatoriske bøner kvar dag og vende seg mot Qiblih (tilbedingspunktet)
    • lesa dei heilage skriftene morgon og kveld
    • reise på valfart ein gong i livet så sant dette let seg gjera
    • undervise i Bahá’u’lláhs tru
    • støtte Bahá’í-saka praktisk og økonomisk

[endre] Bahá’í og andre religionar

[endre] Bahá’í og jødedom

[endre] Bahá’í og kristendom

[endre] Bahá’í og islām

[endre] Bahá’í og sikhisme

[endre] Lenkjer

[endre] Vanleg Bahá'í

[endre] Ortodoks Bahá'í


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Bahai» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy