Borecas
Frå Safon.org
|
Borecas eller borekas svarar til börek på tyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drivne gatekjøken i Noreg under namnet børek.
I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på storleik av ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo saman den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas.
Borecas med ost- og grønsaksfyll er populær mat for desayuno (seinfrukost) etter sjaḥarít (morgongudstenesta) på sjabbát. På sjabungót er osteborecas svært populære til mjølkemåltid blant osmanske sefardím.
- Ein lagar ein porsjon butterdeig og deler opp i kuler som er omlag 2–3 cm i diameter.
- Kjevl ut kulene til runde leivar som er ca 7–8 cm i diameter.
- Legg på ei toppa matskei (ss) med fyll av egg og potetar og eventuelt òg spinat og løk.
- Fold leivane saman over fyllet så kvar boreca har halvmåneform. Press saman kantane med ein gaffel.
- Legg borekaene på eit smurt bakebrett (evt. bakepapir) og pensle dei med eit lettpiska egg.
- Steik i omnen ved ca 185 °C i ein halvtimes tid.
- Servér varme eller kalde.
Kategoriar: Ḥanukká | Q | Pai | Gatekjøkenmat | Matretter | Sefardisk mat | Tyrkisk mat | Osmanske sefardím | Sjabungót

