Aure kommune - Safon.org

Aure kommune

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Aure kommune
Kart
Våpen Bilde
Våpen Bilde
Grunnleggande opplysningar
Kommunenr: 1576
Fylke: Møre og Romsdal
Kommunesenter: Aure
Areal: 511 km²
Folketal: 3 530 (2008)
Målform: nøytral
Internettside: www.aure.kommune.no

Aure er ein av dei elleve kommunane på Nordmør i Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg nordaust på Nordmør og grensar til Smøla over Edøyfjorden i nord, til Hitra over Trondheimsleia i nordaust, til Hemne over land i aust, til Halsa og Tingvoll over Vinjefjorden i sør, og til Kristiansund over Talgsjøen i vest. Saman med Smøla utgjer kommunen distriktet Nordre Nordmør.

Det har vore fleire justeringar av kommunegrensene. Fram til 1964 var kjerneområdet av det som i dag utgjer Aure tre kommunar — Tustna, Aure og Stemshaug. Stemshaug vart samanslegen med Aure i 1965, og samtidig vart vestsida av Ertvågsøya overført frå Tustna til Aure. Innersida av Ertvågsøya, som hittil hadde haurt til Valsøyfjord kommune, vart òg lagt til Aure same året. Engdal og Rodal sørom Vinjefjorden, som låg under Aure fram til 1974, vart overført til Halsa i 1975. Tustna vart samanslegen med Aure kommune den 1. januar 2006.

Historisk sett har Aure kommune sitt opphav dels i Vik tinglag, dels i Aure prestegjeld. Vik tinglag sorterte under Nordmørs fogderi og inkluderte Stemshaug med unntak av Kjørsvikbugen, Aure, Ertvågsøya (minus vestsida med unntak av Vinsternes), Valsøyfjord, Engdal, Rodal og Vinje. (Tustna, deler av Innsmøla og vestsida av Ertvågsøya haurde derimot til Halsa tinglag.)

Aure prestegjeld inkluderte frå gammalt av heile noverande Aure og Smøla kommunar så vel som Valsøyfjorden, Engdal og Rodal og den delen av gamle Halsa som ligg nordaust for Vågland. Vinje haurde derimot til Hemne prestegjeld.

Personlege verktøy